Summer of Love («Kjærleikssommaren») var eit sosialt fenomen som skjedde sommaren 1967, då sa mange som 100 000 folk samla seg i bydelen Haight-Ashbury i San Francisco og skapte eit kulturelt og politisk opprør. Sjølv om hippiar òg samla seg i New York, Los Angeles, Philadelphia, Seattle, Portland, Washington, D.C., Chicago, Montreal, Toronto, Vancouver og i Europa, var det San Francisco som var senteret for hippirevolusjonen,[1] ein smeltedigel av musikk, psykofarmaka, seksuell fridom, kunstnariske uttrykk og politikk. Summer of Love var med på å karakterisere 1960-åra, sidan hippimotrørsla vart offentleg kjende denne sommaren.[2] Denne eineståande samlinga av unge folk vert ofte rekna som eit samfunnseksperiment, på grunn av forskjellige livsstilar som vart felles, både under sjølve sommaren og i dei påfølgjande åra. Desse livsstilane omfatta å bufelleskap, fri og felles deling av ressursar, ofte mellom heilt framande, og fri kjærleik.[3]

I kontrast var sommaren 1967 òg ein av dei valdelegaste i historia i byane i USA. Dette kom av raseopptøyane som skjedde i byar som Detroit og Newark. Denne delen av sommaren 1967 vert ofte kalla «The Long, Hot Summer», «den lange, varme sommaren». Ein reknar opphavet til opptøyane til rasediskrimineringa mot afroamerikanarar og frustrasjonen og sinnet som spreidde seg hos dei svarte amerikanarane.[4][5][6]

Popularisering gjennom media og musikk endre

Stadig fleire ungdomar kom til Haight-Ashbury og styresmaktene i San Francisco vart urolege, sidan den offentlege haldninga deira var at dei ville halde hippiane unna. Adam Kneeman, som lenge hadde budd i Haight-Ashbury, hugsar at politiet gjorde lite for å hjelpe. Organiseringa av dei store hordane som kom vart overlatne til innbyggjarane sjølve.[7]

College og high-school-studentar byrja å strøyme til Haight under spring break i 1967. Styresmaktene i San Francisco ønskte å stoppe den store innstrøyminga då skulane var over for sommaren, og gav uforvarande meir merksemd til miljøet, og fleire artiklar i lokale aviser gjorde nasjonale media merksame på det aukande hippimiljøet. Då våren kom svarte leiarane av Haight-samfunnet med å danne Council of the Summer of Love, og gav hendinga eit offisielt-klingande namn.[8]

Dekninga til media av hippilivet i Haight-Ashbury gjorde at ungdom over heile Amerika vart merksame på miljøet. Hunter S. Thompson kalla bydelen «Hashbury» i The New York Times Magazine, og det kom rapportar frå området nesten dagleg.[9]

Rørsla vart òg mykje skrive om i motrørsla sine eigne medium, særleg San Francisco Oracle, som ein trur hadde ein halv million lesarar på det meste.[10]

Media opprettheldt fascinasjonen med «motrørsla» då Monterey Pop Festival vart halde i juni 1967, der om lag 30 000 menneske samla seg for den første dagen, og 60 000 hadde møtt opp den siste.[11] Songen «San Francisco (Be Sure to Wear Flowers in Your Hair)» skriven av John Phillips frå The Mamas & the Papas og sungen av Scott McKenzie vart opphavleg skriven for å marknadsføre Monterey Pop Festival:

« If you're going to San Francisco,

be sure to wear some flowers in your hair...
If you're going to San Francisco,
You're gonna meet some gentle people there.

»

«San Francisco» vart ein stor hitt og nådde 4. plass i USA og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Songen vart raskt noko meir enn å berre popularisere eit idealisert bilete av San Francisco. I tillegg forsterka mediaomtalen av Monterey Pop Festival Summer of Love, sidan mange hippiar kom til San Francisco for å høyre favorittbanda sine, mellom andre Grateful Dead, Jefferson Airplane, Quicksilver Messenger Service, The Jimi Hendrix Experience, Otis Redding, The Byrds og Big Brother and the Holding Company med Janis Joplin.[12]

Følgjer endre

Under Summer of Love, kom så mange som 100 000 ungdomar frå heile verda til Haight-Ashbury i San Francisco, samt til nærliggande Berkeley og andre byar i San Francisco Bay Area, for å delta i den populariserte versjonen av hippiopplevinga.[13] Gratis mat, gratis dop og fri kjærleik var tilgjengeleg i Golden Gate Park, ein gratisklinikk (som framleis er i drift i dag) vart oppretta for legebehandling og gratisbutikkar gav bort varer for å dekke nødvendige behov til alle som trengde dei.[14]

Summer of Love trekte til seg folk i alle aldrar: tenåringar og collegestudentar vart tiltrekte av likemenn og høvet til å delta i ein kulturell utopi, turistar frå middelklassen, og sjølv festande militære frå basane kring. Haight-Ashbury klarte ikkje å ta imot alle som kom, og nabolaget vart raskt dårlegare. Overfylling, heimlause, matmangel, narkotikaproblem og kriminalitet heimsøkte nabolaget. Mange forlet staden om hausten for å halde fram studiane.[14]

Den 6. oktober 1967 arrangerte dei som var att i Haight ei slags gravferd, «The Death of the Hippie», for å signalisere slutten på utmatta miljøet.[8]

Ettermæle endre

Då dei nyrekrutterte blomsterbarna kom heim att, førte dei med seg nye idear, ideal, oppførsel og motar til mange av dei store byane i USA, Canada, Vest-Europa, Australia, New Zealand og Japan.

Uttrykket «Summer of Love» (eller «Second Summer of Love» (den andre kjærleikssommaren)) vert stundom (særleg i Storbritannia) nytta om somrane 1988 og 1989 og då Acid House og rave-kulturen oppstod. Den 2. september 2007 feira San Francisco 40-årsjubileumet for Summer of Love.[15]

Littaratur endre

Kjelder endre

  1. E. Vulliamy, "Love and Haight", Observer Music Monthly 20 May 2007
  2. P. Braunstein, and M.W. Doyle (eds), Imagine Nation: The American Counterculture of the 1960s and '70s, (New York, 2002), s.7
  3. Roots of Communal Revival 1962-1966, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 26. mars 2011 
  4. «All spruced up». The Economist. 19. mars 2011. 
  5. http://www.commentarymagazine.com/viewarticle.cfm/the-lessons-of-the-long-hot-summer-4400[daud lenkje]
  6. http://www.freep.com/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070722/OPINION04/707220492/-1/PRINT
  7. Stuart Maconie, "A Taste of Summer" broadcast, Radio 2, 9 October 2007
  8. 8,0 8,1 «The Year of the Hippie: Timeline». PBS.org. Henta 19. mars 2011. .
  9. T. Anderson, The Movement and the Sixties: Protest in America from Greensboro to Wounded Knee, (Oxford University Press, 1995), s.174
  10. «Summer of Love: Underground News». PBS American Experience companion website. Henta 19. mars 2011. 
  11. T. Anderson, The Movement and the Sixties: Protest in America from Greensboro to Wounded Knee, (Oxford University Press, 1995), p.175
  12. T. Gitlin, The Sixties: Years of Hope, Days of Rage, (New York, 1993), s.215-217
  13. Allen Cohen, arkivert frå originalen 1. mars 2003, henta 9. april 2011 
  14. 14,0 14,1 Gail Dolgin; Vicente Franco. (2007). American Experience: The Summer of Love. PBS. 
  15. http://www.2b1records.com/summeroflove40th/FullProc.pdf

Bakgrunnsstoff endre