Sunday at the Village Vanguard

Sunday at the Village Vanguard
og
Walz for Debby

2 LP/CD av Bill Evans Trio
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1961
Innspelt 25. juni 1961 på Village Vanguard, New York City
Sjanger jazz
Lengd 68:35 / 65:28 (gjeld CD-utgåvene, som inneheld fleire bonusspor)
Selskap Riverside
Produsent Orrin Keepnews
Bill Evans-kronologi 
Explorations (1960) Sunday at the Village Vanguard
og
Walz for Debby
Undercurrent (1962)


Sunday at the Village Vanguard og Waltz for Debby er to album med live-opptak frå jazzklubben Village Vanguard i New York den 25. juni 1961 med musikarane i Bill Evans Trio: Bill Evans (p), Scott LaFaro (b) og Paul Motian (tr).

Etter å ha delteke med Miles Davis på albumet Kind of Blue i mars og april 1959, var Bill Evans av den meining at det var trioforma som var best eigna til å uttrykke dei kreative ideane hans, så frå midten av året leita han etter dei rette partnarane på bass og slagverk. Evans fann dei i den unge bassisten Scott LaFaro og trommisen Paul Motian, som han var blitt kjent med nokre år før i Jerry Wald sin sekstett.

Etter litt startvanskar – LaFaro prøvde ut ein gitarliknande sound – spelte trioen inn Portrait in Jazz i oktober 1959. Utover året 1960 auka den musikalske forståinga dei imellom, frå dette året berre dokumentert gjennom bootleg-opptak frå jazzklubben Birdland. I februar 1961 spelte dei inn ExplorationsRiverside Records med Orrin Keepnews som produsent. Dette var så å seie førebuing til dei opptaka som fire og ein halv månad seinare blei høgdepunktet for trioen.

Konserten i Village Vanguard endre

Liveopptaka i Village Vanguard skjedde live over fem økter under avslutninga på eit to vekers engasjement i klubben, og er den siste innspelinga Bill Evans gjorde med LaFaro og Motian. La Faro døydde i ei trafikkulukke ti dagar etter opptaket og Motian slutta fordi han tykte Evans var blitt for kommersiell.[1]

Evans og produsenten Orrin Keepnews valde ut spora på Sunday at the Village Vanguard for å få fram LaFaro sitt meistarlege bass-spel. Albumet opnar med «Gloria's Step» og sluttar med «Jade Visions» – begge er skrivne av LaFaro, og på alle dei andre spora spelar han soli. Dette albumet vert rekna som eit av dei aller beste liveopptaka innan jazzmusikken.[2][3]

Albumet Waltz for Debby (1961) inneheld anna innspelt materiale frå same dag. Også dette albumet blir rekna som eit av dei beste Bill Evans spelte inn. Seinare blei det gitt ut ein tredje LP, Bill Evans - More From the Vanguard med resten av opptaka. All musikken som trioen spelte inn 25. juni kom i 2005 ut samla som The Complete Village Vanguard Recordings, 1961.

Det veldige inntrykk som opptaka gjorde på datida sitt jazzpublikum kom av det intuitive samspelet som dei tre musikarane fekk til på dette stadiet av samarbeidet deira. Scott LaFaro utvikla seg enormt både teknisk og musikalsk dei to åra samarbeidet med Evans varde. Da han omkom i ei ulukke 6. juli 1961, blei Evans så skaka at han trekte seg tilbake frå jazzscena i fleire månader og først let seg overtale til ei ny plateinnspeling i oktober same år.

Referansar endre