Sunniva Skoglund (fødd 22. mai 2002) er ein norsk fotballspelar frå Porsgrunn, som er keeper for Stabæk.

Sunniva Skoglund
Personleg informasjon
Fødd 22. mai 2002
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Stabæk
Nummer 22
Ungdomsklubbar
0 Eidanger
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2017–2018 Urædd 13 (0)
2017Nanset (lån) 9 (0)
2019 Snøgg 21 (0)
2020– Stabæk 47 (0)
Landslag
2017 Noreg J15 1 (0)
2018 Noreg J16 6 (0)
2020 Noreg J18 1 (0)
2019 Noreg J19 2 (0)
2021– Noreg U23 1 (0)
2022– Noreg 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Klubbkarriere endre

Tidleg karriere endre

Skoglund spela aldersbestemt fotball i Eidanger, før ho gjekk til Urædd i forkant av 2017-sesongen.[1] Same år vart ho lånt ut til Nanset, der ho fekk speletid i 2. divisjon. Som 16-åring var ho i 2018 keeper for Urædd i 1. divisjon, ein sesong som enda med nedrykk.[2] Før 2019-sesongen gjekk ho til Snøgg der ho fortsatte å stå fast i 1. divisjon.[3]

Stabæk (2020–) endre

I desember 2019 vart det kjent at Skoglund hadde signert for Stabæk, som nettopp hadde rykt ned frå Toppserien.[4] Dimed vart ho erstattaren til keeperlegenda Ingrid Hjelmseth som la opp. Skoglund var med å rykkje opp med Stabæk i sin fyrste sesong, og i mai 2021 debuterte ho i Toppserien.[5]

Landslagskarriere endre

Skoglund har landskampar for J15, J16, J18, J19 og U23-landslaget til Noreg. I februar 2022 vart ho teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i troppen til Algarve Cup.[6]

Skoglund vart teken ut i den norske troppen til EM i 2022 som ein av tre keeperar; der var ho den yngste spelaren i troppen.[7]

Skoglund debuterte for A-landslaget i oktober 2022, i ein privatlandskamp mot BrasilUllevaal Stadion.[8][9]

Kjelder endre

  1. Fotballforbund, Norges. «Sunniva Skoglund - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 19. juni 2022. 
  2. Berg, Frode (12. august 2018). «(+) Sunniva (16) – helt sjef». Telemarksavisa (på norsk). Henta 7. mars 2022. 
  3. «PressReader.com - Digital Newspaper & Magazine Subscriptions». www.pressreader.com. Henta 7. mars 2022. 
  4. «Sunniva Skoglund blir Stabæk-spiller». Stabæk. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Sunniva Skoglund - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund. Henta 18. juni 2022. 
  6. AS, TV 2 (8. februar 2022). «To nykommere i Algarve-troppen: - Har vært interessant for oss». TV 2 (på norsk). Henta 7. mars 2022. 
  7. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 18. juni 2022. 
  8. Sander, Christian Grieg (7. oktober 2022). «Riise-smell i pinlig tap mot Brasil – Norge ydmyket». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022. 
  9. Fotballforbund, Norges. «Sunniva Skoglund - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 8. oktober 2022.