Sunshine av Aerosmith

Sunshine
Singel av Aerosmith
frå albumet Just Push Play
Utgjeve 2001
Innspelt 2001
Sjanger Hardrock
Lengd 3:37
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar)
Produsent
Aerosmith-kronologi 
«Fly Away from Here»
(2001)
Sunshine «Girls of Summer»
(2002)


«Sunshine» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Marti Frederiksen. Han kom ut midt i 2001 som ein promosingel frå albumet deira Just Push Play.

Aerosmith måtte avlysa ein konsert i Irvine i California for å fullføra innspelinga av musikkvideoen til denne songen.

Teksten til songen har ein Alice i Eventyrland-kjensle med tekstar som «I followed Alice into wonderland», «Took to the hatter like a walk in the park», «I ate the mushroom and I dance with the queen», «I chased that rabbit up her Bodhi Tree» og «That caterpillar's tryin' to cop a plea».

Omslaget vart teikna av teiknaren Larry Welz.

«Sunshine» er òg eit gatenamn for LSD. Teksten «Sunshine, the kind that everybody knows» kan likevel tyda på at songen ikkje refererer til LSD. Det var den siste originale Aerosmith-singelen som vart gitt ut på studioalbumet til bandet før singelen «Legendary Child» frå 2012, sjølv om singlane «Girls of Summer» frå 2002 og «Devil's Got a New Disguise» frå 2006 vart gitt ut på samlealbum.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen, regissert av Samuel Bayer, inneheld fleire karakterar frå boka, og Tyler portretterer Mad Hatter.

Innhald endre

  1. «Sunshine (Radio Remix)» - 3:26

Kjelder endre