Super Mario Galaxy 2

dataspel frå 2010

Super Mario Galaxy 2 (スーパーマリオギャラクシー2) er eit 3D-plattformspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og publisert av NintendoWii som ein oppfølgjar til Super Mario Galaxy. Det vart annonsert første gong under E3-messa 2009, og vart gjeve ut i Japan og Nord-Amerika mai 2010 og i Europa månaden etter. I likskap med føregangaren finn Super Mario Galaxy 2 stad ute i det ytre rommet, der nivåa er galaksar som inneheld små planetar og verder. Medan spelforma er den same som i Super Mario Galaxy tilfører oppfølgjaren nye oppgraderingar og utfordringar.

Super Mario Galaxy 2

Utviklar(ar)Nintendo EAD Tokyo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Yoshiaki Koizumi
Design(ar)Yoshiaki Koizumi,
Takashi Tezuka,
Shigeru Miyamoto (produsentar)
Komponist(ar)Koji Kondo, Mahito Yokota
SerieMario
Plattform(er)Wii, Wii U
UtgjevingJP: 27. mai 2010
NA: 23. mai 2010
EU: 11. juni 2010
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar,
samverkande fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
Medium1 Optisk Wii-plate
Stødde einingarWii-fjernkontroll og nunchuk
Nettstadhttp://www.supermariogalaxy.com
Del av serien Super Mario, Super Mario Galaxy⠀
New Super Mario Bros. Wii, Super Mario Galaxy · Super Mario 3D Land

Handling endre

I likskap med Super Mario Galaxy opnar spelet med at Mario vert invitert av prinsesse Peach til ein stjernefestival, ei høgtid der stjernebitar fell ned frå himmelen over Sopperiket. På vegen til slottet finn Mario ein luma på bakken, som straks sprett opp og gjev han evna til å spinne. Kort etter dukkar Bowser opp i kjempestorleik, og går laus på Sopperiket. Etter å ha bortført prinsessa reiser Bowser ut i det ytre rommet for å lage seg ein hær i sentrum av universet nok ein gong. Mario vert sendt etter fienden med hjelp frå lumaer og får snart kontroll over eit romskip. Romskipet har same form som hovudet til Mario og vert kalla romskip-Mario (eng. Spaceship Mario). Det vart laga av ein kraftig, lilla luma (eng. namn Lubba) og får energien sin frå kraftstjerner (eng. Power Stars). Mario reiser til ulike galaksar for å finne kraftstjerner som gjer at romskipet kan reise vidare i verdsrommet, og på vegen møter han Yoshi og ei rekkje andre figurar. Etter å ha samla nok kraftstjerner når romskip-Mario hovudkvarteret til Bowser, som syg til seg energi frå noko som ser ut til å vere ein komet. Mario infiltrerer borga og nedkjempar Bowser.

Etter oppgjeret landar Mario på ein liten planet dekt av blomstrar og prinsesse Peach, som rir grandstjerna (eng. Grand Star), kjem ned til Mario og takkar han. Saman reiser dei tilbake til romskip-Mario der alle passasjerane ser på kometen som Bowser saug energi frå. Kometen endrar seg plutseleg til kometobservatoriet frå Super Mario Galaxy, og Rosalina takkar Mario for å ha passa på lumaen som han fann i starten av spelet. Lumaen returnerer til observatoriet, og tek hatten til Mario med seg i farten, før det forandrar seg til ein komet att og reiser vekk. Til slutt returnerer Mario og kompani til Sopperiket, der ei stor kake står framfor slottet til prinsesse Peach og romskip Mario svever i himmelen over.

Mottaking endre

Super Mario Galaxy 2 har fått særs positive kritikkar. GameSpot kalla det ein ny standard for plattformspel og lønna spelet med 10 av 10.[1] IGN gav spelet ein perfekt 10, der omtalaren rosa det for spenstig kontroll, «fantastisk» orkestrert lydspor, staumlinja presentasjon og at det gjev mykje tilbake til spelaren som gjer framsteg i spelet.[2] Dagbladet gav terningkast seks og utmerka det som eit kremeksempel på spelhandverk utført på aller finaste måte.[3] VG rulla terningen til ein femmar, der ein meinte at spelet er ei meir enn verdig forlenging av Super Mario Galaxy, eit hårsbreidd frå seksaren.[4]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre