Ei supercelle er eit kraftig torevêr med kraftig roterande og stigande luftrørsler (ein mesosyklon). Superceller er det største og kraftigaste av forskjellige typar torevêr som kan oppstå. I tillegg til superceller finst det enkeltceller (ei enkel toresky), multiceller og bygelinjer.

Satellittbilete av ei supercelle

Superceller finn ein vanlegvis isolert frå andre torevêr, men av og til kan dei oppstå i bygelinjer. Dei kan vare mange timar og er store nok til å ikkje følgje hovudvindfeltet i området der dei oppstår. Superceller produserer vanlegvis store mengder hagl, regn og kraftig vind. Om lag 30 % av superceller kan danne tornadoar.

Superceller kan oppstå overalt i verda visst forholda ligg til rette for det.

Oppbygging endre

Rotasjonen i superceller oppstår ved at vindskjer i cella skapar ein rotasjon i den horisontale vinden, som så blir vippa opp horisontalt av dei stigande luftrørslene i cella. Dette får så den stigande lufta til å rotere, og det har oppstått ein mesosyklon.

For å få kraftig søkkande luftrørsler må ein som regel ha ein inversjon (temperaturen stig med høgda, noko som gjer atmosfæren stabil) som virkar som eit lokk på den stigande lufta. Dette fører til at lufta under «lokket» blir varma opp og/eller blir meir fuktig, medan lufta over lokket blir avkjølt. Dette skapar eit varmare og fuktigare luftlag under eit kjøligare lag. Fordi varm luft er lettare enn kald luft fører dette til ein instabilitet. Når dette lokket blir svekka eller flyttar seg kan det skje ei eksplosiv utvikling av cella.

Forskjellige trekk ved superceller endre

 
Typisk supercelle.
 
Skjema av ei supercelle sett ovanfrå. RFD: søkkjande luft på baksida, FFD: søkkjande luft på framsida, V: V-forma hakk, U: Stigande luftrørsle, I: Grenseflata mellom stigande og søkkjande luftrørsler, H: krokforma ekko (hook echo)
  • Overskytande topp

Denne delen av cella kjem av den kraftige oppoverretta luftrørsla, som er så kraftig at ho trenger seg gjennom tropopausen og inn i dei lågare områda av stratosfæren.

  • Nedbørfri sone

Dette området finn ein under området med den kraftigaste oppoveretta luftrørsla, og ved det området ved bakken der lufta strøymer inn i cella. Regn og store hagl kan derimot bli danna i denne luftrørsla og ført andre stader i skya.

  • Traktforma nedheng

Det traktforma nedhenget blir danna i grensa mellom den oppoverretta og den nedoverretta luftrørsla. Denne grenseflata er òg området mellom nedbørområdet og det nedbørfrie området. Denne skyformasjonen blir danna ved at lufta som er avkjølt av regnet blir dradd inn i den stigande luftrørsla. Denne våte og kalde lufta blir raskt metta når ho blir løfta opp av den stigande lufta, og kondenserer til ei sky som ser ut til å søkkje ned frå det nedbørfrie området. Slike nedheng er ganske vanleg og oppstår ikkje berre i samband med superceller. Berre eit par av dei vil utvikle seg vidare til ein tornado. Traktforma nedheng som varar meir enn ti minutt, nedheng som ser ut til å svinge raskt opp og ned og skyfragment i kraftig rørsle nær nedhenget er indikasjonar på at ein tornado kan oppstå.

  • Mammatusskyer

Mammatus er kuleforma skyformasjonar som heng ned frå undersida av ambolten til toreskya. Desse blir danna når kald luft i skya søkk ned i varmare luft under. Mammatus er mest synleg visst dei blir lyst på frå sida eller nedanfrå, og er derfor mest imponerande når sola står lågt på himmelen. Mammatus blir ikkje berre danna i superceller, men òg vanlege toreskyer og cumulonimbusskyer.

  • Nedbørområde

Dette er området med kraftigast nedbør. I superceller med kraftig nedbør kan det òg oppstå nedbør under den stigande lufta.

  • Sidelinja

Ei linje med mindre cumulonimbusskyer eller cumulus som oppstår i den varme lufta som blir dradd inn mot den kraftige oppdriftssona.

Forskjellige superceller endre

Meteorologar deler supercellene inn i tre kategoriar. Det kan derimot vere vanskeleg å plassere ei supercelle inn i ein spesifikk kategori, og av og til kan ei supercelle vere innom alle dei tre kategoriane i løpet av den tida ho varer. Definisjonen som er gjeven over refererer til ei klassisk supercelle. Alle typar superceller kan medføre skikkeleg uvêr.

  • LP

Lite nedbør (Low Preciptation)

 
Supercelle med kraftig nedbør

LP superceller har eit lite område med nedbør (regn og hagl) som ligg separert frå den stigande luftrørsla. Desse supercellene kan ha eit oppdriftsområde som ser ut som ein vinopptrekkar og cellene er ofte mykje tynnare enn klassiske superceller. Dette kjem av at dei ofte oppstår i grenseområdet mellom fuktig og tørr luft (såkalla «dry line»), og dei har dermed mindre tilgjengeleg fukt dei kan ta til seg. Dei løyser seg som regel opp ganske raskt i staden for å utvikle seg til klassiske eller HP superceller. Visst dei likevel flyttar seg inn i område med meir fukt kan dei utvikle seg og bli kraftigare. Tornadoar som oppstår frå denne type superceller er som regel av den svake typen, men det har vore tilfelle med kraftigare tornadoar. Cellene kan produsere store hagl, sjølv om nedbørsområdet er lite og nesten usynleg. På grunn av lite nedbør er det vanskeleg å få klare radarsignal frå dei, og dermed kan utviklinga av tornadoar vere vanskeleg å oppdage.

  • HP

Mykje nedbør (High Precipitation)

HP supercellene har ei mykje kraftigare nedbørskjerne, som av og til kan omringe heile mesosyklonen. Desse kan vere spesielt farlege sidan ein mesosyklon omringa av regn kan skjule eventuelle tornadoar. Ofte kan det kraftige regnet føre til flaum på bakken, men dei produserer ikkje like ofte skadeleg hagl som klassiske og LP superceller. Lynaktiviteten i desse cellene er òg ofte større enn i andre superceller.

Signifikant vêr endre

 
Supercelle i New Mexico som gav hagl på 5-6 cm i diameter.

Superceller kan produsere:

  • Store hagl
  • Kraftig vind
  • Dødlege tornadoar
  • Flaum
  • Kraftige lyn

Dei meir alvorlege vêrfenomena supercellene dannar oppstår ofte i grenseflata mellom den søkkande og den stigande lufta.

Tornadoar er nok den mest dramatiske og farlege av desse fenomena, men alle kan vere farlege. Den søkkande lufta skapar kraftig vind langs bakken som kan bli så høg som 150 km/t (42 m/s). Flaum i samband med superceller har òg tatt livet av fleire menneske.

Ingen av desse vêrfenomena oppstår berre i superceller, men når ei supercelle har oppstått veit ein at ein kan vente seg alle desse fenomena.

Bombay i India blei 26. juli 2005 råka av ei ekstremt våt supercelle som strekte seg heile 15 km over byen. Denne dagen vart det registrert 944 mm nedbør, der 700 mm kom på berre 4 timar. Til samanlikning regnar det i snitt 736 mm nedbør i Oslo på eit heilt år!

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Supercelle