Supernovaer er stjerner som eksploderer. Ein større variant vert kalla hypernova. Eksplosjonen skjer på slutten av stjerna sitt liv når det skortar på grunnstoff som kan fusjonerast med energigevinst (fusjonering av jern og tyngre grunnstoff krev energi). Avhengig av restmassen etter eksplosjonen er det att anten ei nøytronstjerna eller eit svart hòl.

Keplers supernova SN 1604, som eksploderte i 1604. Biletet er samansett av tre bilete tekne i infraraudt, synleg lys og røntgenstråling og fargane er ikkje slik som auget ville oppfatta dei.

Supernovaeksplosjonar spelar ei viktig rolle for danning og distribuering av tyngre grunnstoff i universet.

I 1054 oppdaga kinesiske astronomar ein supernova. Restane av denne dannar no Krabbetåka.

Bakgrunnsstoff endre