For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Susa i Italia.


Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran.

Susa
farsi شوش Shush ʃuʃ
gresk Σοῦσα ˈsuːsa
gammalsyrisk ܫܘܫ Shush
gammalpersisk Çūšā-
bibelhebraisk שׁוּשָׁן Shushān
By
Tell (kunstig ås) etter kongebyen (venstre) og akropolisen (høgre) sett frå Apadana-høgda i Susa.
Land Mal:Landdata Elam, Akamenide-dynastiet
Region Zagrosfjella
Del av Susa
Kart
Susa
32°12′N 48°15′E / 32.2°N 48.25°E / 32.2; 48.25
Wikimedia Commons: Susa

Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad. Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet.

Kjelder endre

«Susa» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre