Susanna Angéus-Kuoljok

Susanna Angéus-Kuoljok (19392009) var ein svensk forfattar og språkforskar og ein av dei fremste forkjemparane for lulesamisk. Ho var frå Tjiengalluokta i nordre Jokkmokk og gjorde dei første undersøkingane i morsmålet sitt i Jokkmokk på 1970-talet. Alt etter nokre få år produserte ho lærebøker og tekstar for studium i lulesamisk og ho vart lærer på samiske språkkurs på akademisk nivå.

Susanna Angéus-Kuoljok
Fødd 1939
Jokkmokk
Død

2009 (70 år)

Yrke skribent

Frå 1983 var ho studierektor og forskingsassistent ved den finsk-ugriske avdelinga på Uppsala universitet. I nokre år var ho arkivar for dei samiske samlingane i dialekt-, stadnamn- og folkeminnearkivet i Umeå. Ho skreiv doktorgradsavhandling om lulesamisk morfologi: Nominalavledningar på ahka i lulesamiskan, som ho forsvarte for ein filosofisk doktorgrad i 1997.

Ho var òg med i komiteen for ei nyomsetjing av Det nye testamentet til lulesamisk. Det kom ut i 2003 og vart gjennomført av samar frå Jokkmokk og Tysfjord. I tekstmasse er det det største språkprosjektet på lulesamisk. Det vart følgt opp av ei lulesamisk salmebok i 2005. Denne inneheld òg alle tekstane for kyrkjeåret. Koralboka kom i 2006.

Då Angéus-Kuoljok i 1995 vart medlem i komiteen for ei statleg utgreiing om Sverige si tilslutting til Den europeiske pakta om regionale språk eller mindretalsspråk, arbeidde ho for at denne òg måtte omfatta språka sør for Arjeplog. Dette førte til at språk som sørsamisk og umesamisk òg kunne få offisiell støtte.

I 2008 fekk ho Samerådets ærespris.[1]

Bibliografi endre

  • Sámij lunna : låhkåmbiehke K.B. Wiklunda girjes - Lärobok i lapska språket av K.B. Wiklund. Ny utgave. 1978 og 1981
  • Bágo rájdon : skrivövningar i lulesamiska 1984 og 1988
  • Nominalavledningar på ahka i lulesamiskan 1997
  • Giellaj hilá sammen med Karin Tuolja og Annelie Korak. Lulesamisk grammatikk. 1999, nytt opplag 2013
  • Ådå Testamennta sammen med Olavi Korhonen og Lester Wikström. Det nye testamente. 2000
  • Lulesamiska : ett hotat minoritetsspråk i Skandinavien 2003

Kjelder endre

  1. Samekonferansen