Susanne Sundfør

norsk songar

Susanne Aartun Sundfør (fødd 19. mars 1986) er ein rock- og folkartist frå Haugesund som skriv songar og syng sjølv.

Susanne Sundfør

Fødd19. mars 1986 (38 år)
FødestadHaugesund kommune
FødenamnSusanne Aartun Sundfør
OpphavNoreg
Aktiv2007–
Sjangerart pop, synthpop, jazz, dream pop
Instrumentpiano, piano, vokal
PlateselskapEMI
Verka somsongar, songar-låtskrivar
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Spellemannprisen for årets populærkomponist, Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets album, Spellemannprisens produsentpris, Nordic Music Prize, P3 Gull for årets låt, P3-prisen, Edvard-prisen

Susanne Sundfør har spelt både jazz og klassisk musikk, og har utvikla ein eigen blandingsstil med element frå begge. Ho blir ofte samanlikna med musikarar som Joni Mitchell og Carole King. Sundfør har henta inspirasjon frå desse, men òg frå folk som Jeff Buckley, Radka Toneff, Ane Brun og Thomas Dybdahl.

Tekstane hennar handlar ofte om personlege opplevingar (t.d. «It's all gone tomorrow» og albumet Blómi), eller om samfunnsspørsmål (til dømes 'Opium').

Karriere endre

Ho blei fødd og voks opp i Haugesund, der gjekk ho musikklinja på Skeisvang vidaregåande skule. Sommaren 2005, som 19-åring, varma ho opp for Tom McRae.[1] I februar 2006 spelte ho på Bylarm i Tromsø, i 2007 på ByLarm i Trondheim. I 2007 debuterte ho med albumet Susanne Sundfør som ho vann Spellemannprisen 2007 i klassa beste kvinnelege artist. Ho var også nominert til denne klassa i Spellemannprisen 2010, men trekte seg. Ho grunngav dette med at ho var skeptisk til at mannlege og kvinnelege artistar blei vurderte kvar for seg.[2] Dette året var ho også nominert i klassa Årets populærkomponist, der ho vann.

Susanne Sundfør var éin av fire artistar som fekk «a-ha-stipendet» i forkant av a-ha sin avskjedsturné i 2010. Stipendet var på éin million norske kroner og blei delt ut for å hjelpa unge og lovande norske artistar som ynkste å satsa internasjonalt.[3]

I 2011 var ho gjestevokalist i hiten «Kapitulera» til den svenske rapparen Timbuktus. Same år urframførte ho bestillingsverket A Night at Salle Pleyel på Oslo Jazzfestival. Dette blei gjeve ut som digitalt album på hausten. Susanne Sundfør har også vore keyboardist i indierockbandet Hypertext og tok del i albumet deira; Astronaut Kraut! (2010). Det tredje albumet til Sundfør, The Silicone Veil (2012), var synthdominert og gav henne ein liten norsk hit med «White Foxes». Same år song ho på Röyksopp-hiten «Running To The Sea».[4]

I 2015 gav ho ut albumet Ten Love Songs. For albumet vann ho tre prisar under Spellemannprisen 2015: popsolist, årets album og årets produsent. Ho var dessutan nominert i klassa årets låt for «Delirious». Det neste albumet hennar, Music for People in Trouble (2017), der ho for fyrste gong spelte gitar.[4] For albumet vann ho Nordic Music Prize for 2017.[5] Ho blei i tillegg nominert til Spellemannprisen 2017 i klassene popsolist og årets album.[6] Ho fekk Gammleng-prisen i klassa musiker i 2018.[7]

Prisar og utmerkingar i utval endre

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • Susanne Sundfør – (2007, Your Favourite Music/MBO)
  • Take One – (2008, Your Favourite Music/Universal)
  • The Brothel – (2010, EMI Norway)
  • The Silicone Veil – (2012, EMI Norway)
  • Ten Love Songs – (2015, Warner Music)
  • Music for People in Trouble – (2017, Bella Union)
  • Blómi – (2023, Bella Union)

Konsertalbum endre

  • Take One – (2008, Your Favourite Music/Universal)
  • A Night At Salle Pleyel – (2011, EMI Norway)

Singlar endre

  • Walls – (2006)
  • White Foxes – (2012, EMI Norway)
  • The Silicone Veil (singel) – (2012, EMI Norway)

Musikkvideoar endre

  • «The Brothel»
  • «White Foxes»
  • «The Silicone Veil»
  • «Among us»
  • «Fade away»

Kjelder endre

  1. Roar E. Jacobsen. «Varmer opp for Tom McRae». Haugesunds Avis. Henta 24. desember 2023. 
  2. «Susanne Sundfør trekker seg fra Spellemann-nominasjon», vg.no.
  3. Halstein Røyseland. «Slik har det gått med a-ha-millionene» (på norsk bokmål). Verdens gang. Henta 24. desember 2023. 
  4. 4,0 4,1 Bergan, Jon Vidar. «Susanne Sundfør» (på norsk bokmål). Store norske leksikon. Henta 24. desember 2023. 
  5. «Susanne Sundfør kåret til det beste i Norden». aftenposten.no. 1. mars 2018. Henta 1. mars 2018. 
  6. «Disse kan vinne Spellemann 2017». ballade.no. 9. januar 2018. Henta 27. januar 2018. 
  7. «Rolf Gammleng-prisen til åtte kunstnarar». framtida.no. 5. november 2018. Henta 10. november 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Susanne Sundfør