Susanne Wigene (fødd 12. februar 1978) er ein norsk langdistanseløpar. Wigene kjem frå Haugesund og vart tidlegare trena av Jon Udal. No vert ho trena av Knut Kvalheim. Wigene spring no for Tjalve, og har tidlegare vore medlem i Haugesund IL og Sportsklubben Vidar. Susanne Wigene tok sylv på 10 000 meter under EM i Göteborg den 7. august 2006.

Susanne Wigene
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1978 (46 år)
Haugesund kommune
Idrett friidrett
Utmerkingar

Bislett-medaljen, Kongepokal

Personlege rekordar endre

  • 3000 meter – 8.41,34 (Bislett, 29. juli 2005)
  • 5000 meter – 14.48,53 (Brussel, 26. august 2005)
  • 10 000 meter – 30.32,36 (Ullevi, 7. august 2006)
  • 3000 meter hinder – 9.45,21

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre