Susanne Zimmer

dansk politikar

Susanne Zimmer (fødd 9. juni 1960 i Brønderslev) er ein dansk politikar og pedagog. Ho blei vald inn i Folketinget for Alternativet ved Folketingsvalet 2019.[1]

Susanne Zimmer
Fødd9. juni 1960 (63 år)
Brønderslev
Statsborgar avKongeriket Danmark
Yrkepolitikar
Alle verv
  • folketingsmedlem (2019–2020)
  • folketingsmedlem (2020–) Sjå dette på Wikidata

Etter kritikk av partileiar Josephine Fock meldte Uffe Elbæk, Rasmus Nordqvist, Zimmer og Sikandar Siddique den 9. mars 2020, at dei forlet partiet til fordel for å bli lausgjengarar.[2] Dimed gikk folketingsgruppa til Alternativet frå fem til berre ein medlem (Torsten Gejl).

Seinare i 2020 var Zimmer, saman med Uffe Elbæk, Sikandar Siddique og Niko Grünfeld, med på å stifte partiet Frie Grønne – Danmarks Nye Venstrefløjsparti.[3]

Kjelder endre

  1. «Susanne Zimmer (UFG)» (på dansk). Folketinget. Henta 12. august 2020. 
  2. Batchelor, Oliver; Just, Andreas Nygaard; Hansen, Rasmus Lindegård (9. mars 2019). «Alternativet i opløsning: Uffe Elbæk går fra sit eget parti» (på dansk). DR. Henta 12. august 2020. 
  3. Elbæk og Siddique stifter nyt venstrefløjsparti. alltinget.dk. Besøkt 15. september 2020.