Suva er hovudstaden og den største byen i Fiji. Byen ligg på søraust-kysten av øya Viti Levu.

Suva
by
Parlamentet i Suva
Land  Fiji
Areal 2 048 km²
Folketal 199,400
Tidssone UTC +12 (UTC12)
Gjort til hovudstad 1882
Kart
Suva
18°08′00″S 178°26′00″E / 18.133333333333°S 178.43333333333°E / -18.133333333333; 178.43333333333
Wikimedia Commons: Suva

Historie endre

Suva var opphavleg ein landsby på Fiji-øyane. Fiji vart ein britisk koloni i 1874, og britane gjorde offisielt Suva til hovudstad i staden for Levuka i 1882. I oktober 1910 fekk Suva bystatus og vart med det den fyrste byen på Fiji. Suva har utvikla seg til å få mange forstader og har vorte eit større metropol-område. Suva er ein av dei største byane i Sør-Stillehavet.

Innbyggjarar endre

Suva er den viktigaste hamnebyen på Fiji. Han eksporterer m.a. sukker og frukt. Folket i Suva er for det meste fjianarar og indo-fijianarar, men også europearar, kinesarar m.m.

Bygningar endre

I Suva finst University of South Pacific, Fiji Museum, den botaniske hagen Thurston Gardens pluss eit stort shoppingsenter.

Transport endre

Transportsystemet i Suva består for det meste av bussar og drosjar. Det går også ferjer herifrå til dei andre Fiji-øyane. På øya Viti Levu ligg også lufthamna Nausori International Airport.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Suva i Store Norske Leksikon