Svartfjes er ein sauerase som stammar fra fjellstrøka i Skottland. Han vert rekna som den mest hardføre rasen i Storbritannia, og er den mest utbreidde. Svartfjes er kjenneteikna av svarte fjest (som kan ha kvit teikning) og svarte føter med kvit kropp. Begge kjønn har horn.[1]

Svartfjesvêr.
To svartfjes i Skottland.

Rasen har heller kort hale. Kroppen er kort men kraftig. Beina er korte, men sterke. Både vêrar og søyer har horn. Ulla består hovudsakleg av dekkhår og er lang og grov.

Svartfjes blir hovudsakleg brukt til å produsera sauekjøt.[2] Ulla frå sauen blir ofte brukt til å fylla madrassar, til teppe og møbelstoff. Finare ull kan brukast til klede, til dømes Harris-tweed.

Det var ei viss satsing på denne sauerasen på Vestlandet sidan midt på 1800-talet. Johan Schumann innførte ti lam av rasen frå Skottland i 1859.[3] I dag er det lita interesse for svartfjessauen i Noreg.

Kjelder endre

  1. «Scottish Blackface». Sheep Breeds – S-St. Sheep101.info. Henta 1 May 2009. 
  2. «Blackface/United Kingdom». Breed Data Sheet. Domestic Animal Diversity Information System. Henta 8 September 2009. 
  3. Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane (31.10.2011), «Johan Schumann», NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014) (allkunne.no), arkivert frå originalen 19. mai 2017, henta 21. mai 2017 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Svartfjes