Svarthyll

planteart
Svarthyll
Svarthyll
Svarthyll
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av svarthyll
Utbreiinga av svarthyll
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Viburnaceae
Slekt: Sambucus
Art: Svarthyll S. nigra
Vitskapleg namn
Sambucus nigra

Svarthyll (Sambucus nigra) er eit lite, lauvfellande tre eller ein stor busk i moskusurtfamilien.

Skildring endre

Planten blir 6 × 5 m stor og veks 50 × 40 cm/år. Han har først grøn og flat bork, med grove porer. Seinare vert han lysegrå, men enno med korkporer. Gammal bork er grå og fura. Knoppane er fiolette. Blada har ovale småblad med saktakka rand. Oversida er mørkegrøn, medan undersida er lysegrøn. Svarthyll blomstrar i juni-juli, og blomane sit samla i flate halvskjermar. Dei er små og fløytekvite. Lukta er søt og krydra. Frukta er bæraktige steinfrukter.

Svarthyllen er snøggveksande, toler skugge, frost, salt og ein del vind. Rotnettet består av tjukke, berre svakt forgreina, vidt utbreidde røter. Dei vert lett kjent att på lukta. Greinene har tjukk, kvit marg, som på gamle greiner svinn bort og etterlèt eit holrom.

Giftinnhald endre

 
Strukturformel for sambunigrin

Svarhyllens blad, bork og røter inneheld ei gift, sambunigrin, som i kontakt med vatn avsondrar blåsyre. Ved koking vert sambunigrin splitta og gifteffekta forsvinn. Umodne bær og frø i modne bær inneheld gifta, og dette gjer at bæra ikkje bør etast rå. Gifta høyrer til gruppa cyanogeniske glykosid, som finst hos mange andre vekster òg. Dei umodne svarthyllæra og andre vekstdelar av svarthyll inneheld òg andre toksin, framfor alt irriterande saponinar og eteriske oljer som truleg vert øydelagde ved varmehandsaming.

Bruk endre

Hyll gror best i frodig, eventuelt litt fuktig jord, men kan òg dyrkast i kalkhaldig sandjord. Han toler godt beskjering. Planten eignar seg både til den indre delen av skogbryn, og til leplanting. Det er viktig at ein plantar rett type svarthyll, då dei fleste sjølvsådde svarthyllplantane ikkje er hardføre. Dei modne fruktene er ettertrakta blant fuglar.

Hyll er ein gammal legelante. Avkok av blomane skulle verka feberstillande og sveittedrivande, og bæra skulle hjelpa mot forkjøling og influensa. Blomane vert brukte til hyllblomedrikk, og kan òg etast, til dømes dyppa i tynn deig, frityrsteikt og dryssa med sukker. Bæra vert brukt til saft og suppe. Bæra har høgt innhald av A- og C-vitamin.

I gamle dagar heitte det seg at gudinna Frøya budde i hyllen, og luka ein vekk hyllen ved huset sitt utan å planta ein ny, var det fare for ulukke.

Kjelder endre