Svartjord (av russisk чернозём, tsjernoziom, som tyder 'svartjord') er eit jordsmonn som ein finn på steppene nord og aust for Svartehavet, danna av løss. Det finst òg i Mellom- og Søraust-Europa, og prærien i Nord-Amerika og pampasen i Sør-Amerika har liknande jordtypar. Ein stor del av kveiteproduksjonen i verda føregår på slik jord som er av dei mest fruktbare i verda.

Svartjord i Black Dirt Region i Orange County i New York i USA
Global fordeling

I Noreg vart omgrepet svartjord tidlegare nytta om jord som er utvikla av alunskifer og anna svart leirskifer.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Svartjord