Svartspett

fugleart
Svartspett
Svartspetthann
Svartspetthann
Svartspetthann
Svartspetthann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Svartspett
Utbreiinga av Svartspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Picinae
Stamme: Campephilini
Slekt: Dryocopus
Art: Svartspett D. martius
Vitskapleg namn
Dryocopus martius

Svartspett (Dryocopus martius) er ein fugl spettefamilien, og den einaste arten i slekta Dryocopus i Europa. Eit gammalt norsk namn for denne arten er gjertrudsfuglen.

Svartspett som trommar.

Utsjånad og læte endre

Svartspetta er den største spetta i Europa, og lett å kjenne på den svarte drakta. På hannen er heile issen raud, på hoa berre den bakre delen. Fuglen er 50-55 cm lang, med eit vengespenn på 64-68 cm. Vekta er 300 gram. Flukta er kråkeaktig og går ikkje i like utprega bogar som hos dei andre spettene. Læta er eit sterkt «kly-kly-kly» som minner om grønspetta sitt læte. Svartspetta har i tillegg ein lang utdregen klagande låt.

Utbreiing endre

Arten er palearktisk og lever frå Skandinavia, Mellom-Europa og Balkan i vest til Nord-Kina, Mandsjuria og det nordlege Japan i aust. Sør for hovudutbreiinga finst arten i somme fjellområde, frå Iberia til Kaukasus.

Leveområde i Noreg endre

Truleg er den norske hekkebestanden på 2000-4000 par. Hovudtyngda av denne held til på Austlandet og vidare sørover til Lindesnes. I Trøndelag finst arten meir spreidd. I vest er arten svært fåtalig, særleg på midtre delar av Vestlandet. I heile Nord-Noreg er fuglen svært fåtalig, men arten er påvist hekkande så langt nord som i Øvre Pasvik.

Biotop endre

Svartspetta held til i bar- og blandingsskog, og finst også i dei små bøkeskogane i landet. Arten treng daude og døyande tre eller stubbar, samt store reirtre. Kulturlandskap og hus kan godt inngå i leveområda. I område med hogst viser det seg at fuglane driv spesielt mykje næringssøk i 10-40 år gammal skog. Der er det mykje maur i stubbane etter siste hogst. I skog som vert driven for intensivt likar svartspettene seg dårleg.

Hekking endre

På våren meislar fuglane ut eit stort reirhol i eit tre, 5-10 meter over marka. Arten brukar ofte gamle hol til reirplassar. Avstanden frå holet ned til reiret kan vere ein halv meter, i blant ein heil meter. Paret kan bruke opp til ein månad på å hakke ut heile reirholet. Hoa legg 3-6 egg i byrjinga av mai, og rugetida er 12-14 døgn. Ungane flyg etter 24-28 døgn. Den første veka etter klekkinga varmar foreldra ungane nesten heile tida. Vert dei aleine ei stund pakkar dei seg i hop i ein pyramide der dei sit på føtene og luter seg mot kvarandre. Formasjonen hjelper også ungane å holde opp dei tunge hovuda sine medan dei ventar på foreldra og maten. Foreldra samlar mat som dei gulpar opp til ungane.

Føde endre

Kosten er for det meste maur, men også andre dyr som lever i ved, slik som insekt og edderkoppar.

Trekktilhøve endre

Arten er standfugl. Ein sjeldan gong kan svartspettene flytte invasjonsarta.

Kjelder endre

  • Svensk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Bakgrunnsstoff endre