Sveaborg (finsk Viapori eller Suomenlinna) utanfor Helsingfors i Finland er ei av dei største av sjøfestningar i verda. Festninga vert nokre gonger kalla «Nordens Gibraltar», og omfattar fleire øyar ved innløpet til Helsingfors. Sveaborg er Sverige sitt dyraste forsvarsprosjekt gjennom tidene. Sveaborg er teke med på UNESCO si liste over verdsarv på grunn av høg verdi som kulturminne.

Sveaborg

Kart
Sveaborg
60°08′37″N 24°59′04″E / 60.143611111111°N 24.984444444444°E / 60.143611111111; 24.984444444444

På Sveaborg bur det i dag kring 830 personar (2006). Festninga er eigd og administrert av Undervisningsministeriet i Finland. Sjökrigsskolan i Finland er stasjonert på Sveaborg.

Historikk endre

 
Kart over Sveaborg på 1790-talet
 
Utsikt över Sveaborg, måleri av Augustin Ehrensvärd
 
Sveaborg, teikning frå 1856 av L. Morel-Fatio, Paris.

Svensketida endre

Etter at Peter den store grunnla St. Petersburg i Finskebukta sin austlege del, trong Sverige ei sterk festning i området. Byggjearbeida på Sveaborg vart byrja i 1748 under leiing av feltherren Augustin Ehrensvärd, og vart sluttført i 1791. Kong Gustav III av Sverige dreiv fram bygginga.

krigen mellom Russland og Sverige i 1808-09 braut ut, var Carl Olof Cronstedt d.ä. kommandant på Sveaborg. Russiske styrkar hærtok Helsingfors ved å marsjera over isen den 2. mars 1808. Ein rekna ikkje med at den første russiske styrken skulle kunna innta Sveaborg så lenge det fanst lager av krut. På Sveaborg var det 7000 mann, i tillegg var den svenske skjergardsflåten med over 200 fartøy i stasjonert der. Cronstedt lét så mange kanonar skyta mot Helsingfors at det vart mangel på krut. Kanonskytinga hadde lite verknad på dei russiske styrkane. Den 23. mars møtte Cronstedt russiske forhandlarar på holmen Lonnan. Den 6. april kom Cronstedt fram til ei semje med russarane om ein ærefull overgjevnad den 3. mai, om ikkje fleire svenske styrkar nådde fram før den tid. Dei svenska kurerane med meldinga om at det trongst forsterkingar nådde fram til Stockholm først den 3. mai, same dag som Cronstedt kapitulerte.

Festninga og krigsskipa vart overlatne til den russiske øvstkommanderande Fredrik Vilhelm von Buxhövden. Etter at Sveaborg vart overteke, vart det endå lettare for den russiske overmakta å ta resten av Finland. Den dårleg førebudde og krigføringa og tapet var mykje av bakgrunnen for statskuppet i Sverige i 1809. Sverige fekk ei ny grunnlov og kong Gustav IV av Sverige måtte reisa frå landet. Han vart etterfylgd som konge av farbroren, Karl XIII av Sverige.

Finland sin nasjonalskald, Johan Ludvig Runeberg, har i nasjonalistisk ånd i diktet Sveaborg skildra Cronstedt som ein forrædar. Runeberg sjølv ynskte at diktet ikkje skulle publiserast, noko som synte ei uvisse knytt til ei slik skildring.

Russartida endre

Frå mai 1808 til mai 1918 var Sveaborg ein russisk garnison. Festninga vart bygd ut med fleire kasernar i tillegg til eit sjukehus og ei kyrkje. I 1818 grunnla kjøpmannen Nikolaj Sinebrychoff eit bryggeri på Sveaborg. Tidvis var over 13 000 soldatar stasjonert på Sveaborg. Under Krimkrigen skaut den engelsk-franska flåten i august 1855 mot festninga, og gjorde store øydeleggingar. I 1906 var det eit mytteri, den såkalla Sveaborgsrevolten, mellom det russiske mannskapet. Etter den russiske revolusjonen vart Sveaborg den 12. mai 1918 overlaten til det sjølvstendige Finland.

Finsketida endre

I 1918 vart det laga til eit fengsel til raude (kommunistiske) fangar frå den finske borgarkrigen. Med tida minska Sveaborg si militære tyding, og i 1973 vart området overført frå Försvarsministeriet (Forsvarsdepartemenet) til Undervisningsministeriet (Undervisingsdepartementet).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sveaborg