Svein Arild Vatsø

Svein Arild Vatsø (fødd 10. april 1983 i Smørhamn) er ein norsk filmprodusent.

Svein Arild Vatsø
Fødd 10. april 1983 (41 år)
Yrke filmprodusent

Svein Arild Vatsø er filmprodusent og eldsjel frå Kalvåg. Han byrja tidleg med film som hobby og etablerte sitt første filmselskap i 2006, Firework Film. Firework Film har til no produsert nokre sjølvskrivne filmar, og i tillegg produserer dei reklamefilmar for det regionale næringslivet. Det mest kjende filmprosjektet hans er «17Hz» i samarbeid med Jenny Skavlan.

Han er også kjend for å skape liv og røre med festivalar og andre kulturskapande arrangement.

Kjende verk:

  • Kalvåg Kystfestival
  • Stopp i lovens navn! (2004)
  • Operasjon Kvit Snø (2007)
  • 17 Hz (2009)