Svein Blindheim

norsk militær

Svein Lavik Blindheim (29. august 191617. mars 2013) på Voss, var ein norsk motstandsmann og offiser. Under andre verdskrig arbeidde han med motstand mot tysk okkupasjon av Noreg. I 1945 fekk han fleire medaljar for innsatsen sin, og vart major. Han er ein av dei høgast dekorerte krigsoffiserane i Noreg. Etter krigen arbeidde han med ymse etterretningsverksemd. Etter kvart vart han kritisk til denne verksemda. I 1978 vart han dømd til fengselsstraff for å ha fortald om norsk verksemd i Finland, knytt til spionasje mot Sovjetunionen. Etter kvart som den kalde krigen utvikla seg, byrja han ope å kritisera NATO og norsk atompolitikk. Blindheim slutta som offiser i det norske forsvaret, og utdanna seg til historikar og lektor. Sommaren 2006 vart Blindheim igjen aktuell i samband med at NRK synte ein dokumentarfilm om han. Dokumentarfilmen fekk tittelen Krigshelt i utakt.

Svein Blindheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. august 1916
Voss herad
Død

17. mars 2013 (96 år)

Yrke historikar, friidrettsutøvar, militær, etterretningsoffiser

Innsats under andre verdskrigen endre

Etter det tyske overfallet 9. april 1940 tok han snøgt del i kampane. Med 100 mann, av desse fall 21, kjempa dei mot den tyske overmakta. Etter kapitulasjonen i 1940 reiste han til Sverige. Frå Sverige kom han seg sommaren 1941 vidare til Skottland via Odessa, Baku, Persia og India. I Skottland vart han med i britane sitt Norwegian Independant Company no. 1, etter krigen og kalla Kompani Linge. Den 16. april 1943 hoppa han ut i fallskjerm nord for Drammen. Etter dette arbeidde han med å organisera Milorg i Stor-Oslo. 17. november same året vart han arrestert av tyskarane, men greidde å skyta seg ut av situasjonen og kom seg over til Sverige.

Verkliste endre

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre