Svein Gjedrem

norsk fotballspelar og økonom

Svein Ingvar Gjedrem (fødd 25. januar 1950) var sentralbanksjef i Noreg og leiar for hovudstyret i Noregs Bank frå 1999 til 2010. Han har òg vore ekspedisjonssjef i Økonomiavdelingen i Finansdepartementet og finansråd same stad.[1]

Svein Gjedrem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1950 (74 år)
Finnøy kommune
Yrke samfunnsøkonom, fotballspelar, forretningsdrivande

Gjedrem er frå Finnøy kommune. Han er utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo i 1975. Før han vart sentralbanksjef arbeidde han i Finansdepartementet i perioden 1979-1998 og i Noregs bank 1975-1979.

Mens Gjedrem var sjef for Noregs Bank, har det skjedd store endringar i den norske pengepolitikken. I januar 1999, like etter at han begynte i stillinga som sentralbanksjef, gjekk han ut med at han ville styre mot eit inflasjonsmål på 2 % i staden for den tidlegare målsetjinga om ein stabil kronekurs i høve til europeiske valutaer. I mars 2001 kom regjeringa Stoltenberg I med ei ny forskrift, som la det operasjonelle målet for pengepolitikken på 2,5 %. Gjedrem vart etterfølgd som sentralbanksjef av Øystein Olsen.

Gjedrem har òg ein karrière som fotballspelar. Mellom anna har han spelt for Viking og Lyn.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Finansråd Svein Gjedrem frå Regjeringa