Sverdrupbalanse er ein teori innan havsirkulasjon om forholdet mellom vindpådraget (uttrykt som curlen til vindstresset) og massetransporten i det øvre vasslaget i havet. Teorien er laga av den norske meteorologoen og oseanografen Harald Sverdrup i 1947. I 1948 sette Henry Stommel fram ein teori om sirkulasjon i heile havdjupet ved å starte ut i frå dei same likningane som Sverdrup, men med å leggje til botnfriksjon, og viste at variasjonen av coriolisparameteren med breiddegraden fører til ei smal straumsone på vestsida av store havbasseng. Walter Munk kombinerte i 1950 resultata til Carl-Gustaf Rossby (kvervelviskositet), Sverdrup (vinddriven straum i øvre vasslag) og Stommel (vestleg straumsone) og laga ut i frå det ei komplett løysing for havsirkulasjonen.