Sverre Rotevatn (fødd 17. januar 1977) er ein norsk, tidlegare kombinertløpar, fødd på Lillehammer, som var aktiv for Øystre Slidre IL frå 1998 til 2004. Han vart verdsmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 2001. Året etter fekk han sølvmedalje i noregsmeisterskapen på ski.

Sverre Rotevatn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1977 (47 år)
Lillehammer kommune
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2002

Aktiv endre

Rotevatn deltok for Noreg i alle tre kombinert-øvingane under VM 2001 i Lahti. Han vart nummer 27 i normaløvinga, men fekk likevel plass på det norske laget som sidan vann gull i lagtevlinga. Saman med Kenneth Braaten, Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer syrgde han for norsk siger, elleve sekundar før Austerrike.

På nyåret 2002 gjorde Rotevatn sin beste prestasjon i verdscupen i kombinert, då han vart nummer åtte i eit renn i Schonach. Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City gjekk Rotevatn i mål til ein 13. plass, hans fremste plassering i internasjonale meisterskap. Han deltok også på det norske laget som vart nummer fem i lagtevlinga. Tidlegare i 2002-sesongen vann han i Høydalsmo si einaste NM-medalje, slått av Jan Rune Grave med 58 sekundar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Sverre Rotevatn – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Bakgrunnsstoff endre