Svitjod, samansett av svi (av svea) og tjod (nasjon/folk), er eit gamalt namn på Sverige. På islandsk heiter Sverige framleis Svíþjóð. Frå Svitjod og kjem det latinske namnet for Sverige: Suethia, Suetia og Suecia. Og dei engelske og tyske namna Sweden og Schweden kjem opphavleg av Svitjod.

Den romerske historikaren Tacitus nemnde i år 98 «svionarane», altså Svitjod sine innbyggjarar. På 500-talet omtalte Jordanes stammefolket suetidi i skildringa Getica. Snorre Sturlasson nytta i Edda namnet Svitjod. I det engelske skaldestykket Beowulf vart eit stammefolk kalla Swēoðēod. Namnet er òg dokumentert på fleire runesteinar, både i Sverige og Danmark. Den svenske mellomalderskrifta Erikskrønika frå 1320-talet fortel om delinga av det svenske riket mellom brørne Valdemar og Magnus. Ifølgje krønika arva Magnus landområdet «Swidhido», noko som har vore tolka som landsdelen Svealand.

Kjelder endre

  • Larsson, Mats G. Svitjod, resor till Sveriges ursprung, Atlantis år 1998, ISBN 91-7486-421-1
  • Fredrik Lindström & Henrik Lindström, Svitjods undergång och Sveriges födelse, Albert Bonniers Förlag år 2006, ISBN 91-0010-789-1