Syfilis er ein seksuelt overførbar infeksjonssjukdom som er årsaka av bakterien Treponema pallidum. Sjukdommen er no relativt sjeldan i Noreg, og smitten er oftast importert frå utlandet.

Syfilis går gjennom ulike stadium og fasar. Primært startar det med genitalsår som oppstår der bakteriane gjekk gjennom huda. Dette såret kallar ein ofte ein skjanker, og er indurert. Det vil seia at ein vil kunna kjenna ein slags «skorpekant» om ein klemmer forsiktig på såret mellom tommel og peikefinger. Dette skil syfilis frå mellom anna den sjeldnare sjukdommen blaut sjanker (ulcus molle).

Syfilis er relativt enkelt å behandla i dei tidlege fasane med bruk av penicillin, men om han ikkje vert behandla vil han kunna angripa auget, som vil få problem med å reagera normalt på lys. Symptomet vert kalla Argyll Robertsons pupill etter legen som fyrste gongen skildra det.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre