Sylvia Brustad

norsk politikar

Sylvia Brustad (fødd 19. desember 1966) er ein norsk Arbeidarparti-politikar som har vore statsråd og stortingsrepresentant fleire gonger, sist som statsråd i Nærings- og handelsdepartementet frå 2008 til 2009. Før ho vart politikar på heiltid i 1989 arbeidde ho i eit par år som journalist.

Sylvia Brustad

Fødd19. desember 1966 (57 år)
Elverum
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
Alle verv

Brustad er fødd i Elverum i Hedmark. Ho vart uteksaminert frå vidaregåande skule i 1983, og byrja deretter på medielinja ved Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole i Ringsaker i 1985. Då ho var ferdig der, i 1987 byrja ho å arbeide som journalist i bladet LO-aktuelt. Dette året vart ho også medlem av Hedmark fylkesting. Året etter byrja ho i Ap-bladet Aktuelt perspektiv.

Deretter, i 1989, vart ho vald inn på Stortinget frå Hedmark. Ho har vore stortingsrepresentant i alle periodar sidan då. Brustad har vore varamedlem og medlem av ymse stortingskomitéar, i tillegg til leiar i Sosialkomiteen (19931996) og Kommunalkomiteen (19972000). Forutan varamedlem i ulike grupper og delegasjonar på Europa-nivå, har ho sidan 1998 vore delegat til Generalforsamlinga i SN, i tillegg til at ho var medlem av Europautvalet frå 1997 til 2000. Ho har også hatt tillitsverv i eige parti, som medlem av det kvinnepolitiske utvalet til Arbeidarpartiet (1990–1992) og seinare leiar (19921998). Dessutan har ho vore, og er, medlem i sentralstyret til Arbeidarpartiet (1992–1998, 2003– ).

Den fyrste regjeringsmedlemskapen sin fekk ho som barne- og familieminister i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. Då Arbeidarpartiet igjen kom i regjering i 2000, vart ho kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg I. I den noverande regjeringsperioden har ho hatt to ulike postar. Fyrst var ho helse- og omsorgsminister frå oktober 2005 til juni 2008, då ho vart nærings- og handelsminister fram til oktober 2009.

Kjelder endre