Sylvia Marie Likens (fødd 3. januar 1949 i Lebanon, død 26. oktober 1965 i Indianapolis) var eit amerikansk torturoffer. Ho vart torturert til daude av fostermor Getrude Baniszewski, Baniszewski sine born og truleg venane og veninnene åt Sylvia. Foreldra, som var karnevalarbeidarar og difor reiste mykje, hadde sett Sylvia og systera hennar Jenny frå til Baniszewski-familien for å passa på dei, for 20 dollar per veke. Avleveringa skjedde tre månadar før Sylvia si bortgang. Baniszewski, to av borna hennar og to naboungar vart til slutt tiltalt for tortur og overlagd drap. Aktoren i saka kalla handlingane for «det mest forferdelege lovbrotet nokonsinne i Indiana».

Sylvia Likens
Statsborgarskap USA
Fødd 3. januar 1949
Lebanon i Indiana i USA
Lebanon
Død

26. oktober 1965
Indianapolis i Indiana i USA (16 år)
Indianapolis

Språk engelsk
Sylvia Likens på Commons

Bakgrunn endre

Ho var det tredje barnet til Betty og Lester Likens. Totalt var der fem born; Eit eldre tvillingpar, Dianna og Danny, og eit yngre tvillingpar, Jenny og Benny. Ekteskapet var ustabilt, og familien reiste mykje grunna karnevaljobben åt foreldra. Av den grunn vart borna ofte sett att hjå slektningar og venar.

Sylvia var på ein måte foreldra sin favoritt - ho var ikkje tvilling. Tvillingar tyder dobbelt arbeid, noko Syliva ikkje hadde påført dei arbeidsnarkomane foreldra. Ho var i tillegg vakker, triveleg og uskuldig.

I løpet av våren 1965 hadde Lester og Betty skilt lag, der Betty fekk ansvaret for Sylvia og Jenny, medan Lester tok ansvaret for dei andre. Lester hald fram med den reisefylte jobben sin, og avleverte Diana, Danny og Benny hjå bestemora. Betty som budde i Indianapolis hadde ikkje jobb, og sleit med økonomien. Jentene hadde knytt kjennskap med John og Stephanie Baniszewski. Betty vart arrestert og fengsla for ran, og faren sette Jenny og Sylvia hjå Gertrude Baniszeweski i desperasjon. Han tilbjode åleinemora 20 dollar i veka for ansvaret.

Tortur og mishandling endre

Sjalusien endre

I huset som var lagd til to personar, budde det no ni personar. Det tronge huset var inga plage for jentene som hadde konstant kameratar rundt seg. Enka, Gertrude, var ikkje skikka til å vera ei mor, og hadde sadistiske og likegyldige personlegdomstrekk. Gertrude var misunneleg på Sylvia - ho hadde alt Getrude kunna ynskja seg. Brevet med dei neste dollarane som Lester lova kom for seint, og Sylvia vart slått. Gertrude brukte kvart høve til å banka ho, og dersom noko ikkje gjekk som det skulle, vart alltid Sylvia straffa. I august 1965 vart mishandlingane verre, ettersom Gertrude gav borna lov til å banka Sylvia. Ho klarte å få nabogutane med på både fysisk og psykisk mishandling. Gertrude gav ho tilnamnet «hore», og tvinga Jenny til å slå ho.

Kjellaren endre

September same året låste Gertrude Sylvia i kjellaren, fordi Sylvia hadde vorte urininkontinens (ufrivilleg urinering). Denne sjukdommen fekk ho etter trauma av at somme nabogutar hadde pressa ei brusflaske opp i vagina. Ho vart sett på som urein og måtte bada i kokande vatn. Ho vart sjeldan fôra og gjekk av og til naken.

Jenny Likens fekk kontakt med Dianna, systera, og skreiv brev om handlingane, men Dianna ignorerte dette og trudde Jenny hadde heimlengsel. Ikkje lenge etter kom Diana på vitjing til Jenny og Sylvia, men Gertrude sagde at ho ikkje hadde noko her å gjera. Dianna møtte Jenny utanfor huset, men Jenny forklarte at ho ikkje hadde lov til å snakka med Dianna, og sagde at Sylvia hadde rømt. Dianna kontakta Barnevernet, men Jenny skildra at ho berre hadde rømt heimanifrå i frykt for å verte torturert sjølv.

Ei gong i oktober 1965 måtte Sylvia eta og drikkja si eiga avføring, deretter framhald av meir psykologisk mishandling, der Gertrude truga og skremde ho. 21. oktober batt Gertrude og borna hennar 16-åringen til ei seng der ho om att fekk ei brusflaske pressa opp i vagina. Gertrude sette seg føre til å skrive med ei glodvarm nål på magen til Sylvia, medan Jenny måtte sjå på. Ho og Ricky Hobbs (bror til Coy Hobbs, som var kjærasten til Stephanie) inngraverte fråsegnet "I'm a prostitute and proud of it" (engelsk for Eg er ein prostituert og stolt av det).

Daud endre

23. oktober vart Sylvia slått bevisstlaus med eit kosteskaft av Coy Hobbs og lét ho liggja der til ho til slutt døydde tre dagar seinare. Då politiet kom fortelte familien at hallikar hadde gjort dette mot ho. Jenny fekk nok mot til å stå fram med sanninga, med sitatet: «Få meg ut av dette helvete, og eg vil fortelja deg alt».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Deadly Women, Episode 11: Born Bad