Symfoni nr. 11 av Mozart

Symfoni nr. 11 i D-dur, K. 84/73q, var ein gong utan tvil rekna som eit verk av Wolfgang Amadeus Mozart. Dette har derimot vorte meir tvilsamt og så langt usikkert. Ein trur at det er frå 1770, og at det kan ha vorte skriven i Milano eller Bologna, om det er eit genuint Mozart-verk. Eit tidleg manuskript frå Wien tilskriv verket til Wolfgang, men kopiar frå 1800-talet tilskriv verket til både Leopold Mozart og Carl Dittersdorf. Neal Zaslaw skriv: «Ei samanlikning av resultata av to stilmessige analysar av den første satsen i verket med analysar ein er sikre på er genuine frå same periode, så verkar Wolfgang å vere den mest truleg av dei tre komponistane.»[1] [2]

Symfoni nr. 11 i D-dur
K. 84/73q
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1770
Typisk lengd10:16
Satsar/akter3
ToneartD-dur

Symfonien er i tre satsar, og manglar ein menuett og trio. Kenyon meiner at det er «lite spesielt» med dette verket,[3] medan Zaslaw finn ei «Gluck-aktig stemning» og noko slektskap med opera buffa i dei repeterte triolane i finalen.[1]

Satsar og instrumentering endre

Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]

  1. Allegro, 4/4
  2. Andante, 3/8
  3. Allegro, 2/4

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Zaslaw, s. 175–77
  2. Dearling, s. 71
  3. Kenyon, s. 155

Bakgrunnsstoff endre