Symfoni nr. 13 av Haydn

Symfoni nr. 13 i D-dur av Joseph Haydn vart komponert i 1763 for orkesteret til prins Nikolaus Esterházy i Eisenstadt.

Verket er presist datert på grunn av ein dato i det originale partituret til Haydn, som i dag finst i nasjonalbiblioteket i Budapest. Ein kjenner til to andre symfoniar av Haydn som vart komponerte same året, Symfoni nr. 12 og Symfoni nr. 40.

Satsar endre

Ein typisk symfoni på denne tida vart skriven for eit par av oboar og valthorn og strykarar, men Eisenstadt-orkesteret hadde nyleg tilsett to nye hornspelarar, og Haydn skreiv denne symfonien for eit utvida orkester med ei fløyte, to oboar, fire horn, pauke og strykarar (fiolinar delt inn i første og andre), bratsjar, celloar og kontrabassar), med fagott på basslinja. Paukedelen i det signerte partituret er ikkje skriven av Haydn, men det er likevel kanskje autentisk. Han kan ha skrive det på eit anna ark, og så har nokon andre lagt det til seinare.

  1. Allegro molto, 4/4
  2. Adagio cantabile, 4/4
  3. Menuet & Trio, 3/4
  4. Finale. Allegro molto, 2/4

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre