Symfoni nr. 22 av Haydn

Symfoni nr. 22 i Ess-dur, Hoboken I/22, er ein symfoni skriven av Joseph Haydn i 1764. Han vert kalla «Filosofen» («Der Philosoph») og er ein av dei mest framførte av dei tidlege symfoniane til Haydn.

Symfoni nr. 22
H. I/22
Symfoni av Joseph Haydn
SjangerSymfoni
PeriodeKlassisismen
Komponert1764
Typisk lengd17:34
Satsar/akter4
ToneartEss-dur

Haydn komponerte denne symfonien medan han var assisterande Kapellmeister i hoffet til prins Nikolaus Eszterházy. Han vart skriven i 1764 og nyttar eit sonata da chiesa-format, sjølv om språket i stykket er ein forsmak på utviklinga i klassiske symfoniar. Som andre tidlege Haydn-symfoniar som nyttar dette tempo-skjemaet, er alle satsane i same toneart. Tre av dei er i sonateform (den første, andre og fjerde), medan den tredje er ein vanleg menuett og trio.

Opphavet til kallenamnet «Filosofen» kjem ikkje frå Haydn sjølv. Det kjem av at melodien og kontrapunktet i den første satsen (mellom strykarane og det engelske hornet) følgjer eit slags spørsmål etterfølgd av eit svar, slik at det høyrest ut som ein debatt.

Instrumentering endre

Som andre symfoniar komponert på denne tida, vart verket skrive for eit lite orkester (mindre enn 20).[1] Vanlegvis vert det nytta to engelske horn i staden for den meir vanlegare oboen. Resten held seg til den vanlege instrumenteringa med to fagottar, valthorn, pauke, continuo (cembalo) og strykarar.

Form endre

Symfonien er i fire satsar:

  1. Adagio, 4/4
  2. Presto, 4/4
  3. Menuet e Trio, 3/4
  4. Finale: Presto, 6/8

Kjelder endre

  1. HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 2, Haydn at Eszterhaza, 1766-1790, 291-94.