Symfoni nr. 31 av Mozart

Symfoni nr. 31 i D-dur, K. 297, betre kjend som Parissymfonien, er ein av dei meir kjende symfoniane til Wolfgang Amadeus Mozart.

Symfoni nr. 31 i D-dur
K. 297
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1778
Urframføring12. juni 1778
Typisk lengd18:40
Satsar/akter3
ToneartD-dur

Komposisjon og premiere endre

Verket vart komponert i 1778 under den mislukka jobbjakten til Mozart i Paris. Komponisten var då 22 år gammal. Premieren fann stad den 12. juni 1778 under ein privat konsert i heimen til grev Karl Heinrich Joseph von Sickingen, ambassadøren til Pfalz. Den offentlege premieren fann stad seks dagar seinare i ei framføring av Concert Spirituel.[1].

Verket fekk positive meldingar i utgåva av he Courrier de l'Europe, publisert i London:

Concert Spirituel på Kristi lekamsfest byrja med ein symfoni av M. Mozart. Denne artisten, som frå ung alder har hatt eit godt rykte blant cembalistar, kan i dag reknast bland dei flinkaste komponistane.[2]

Concert Spirituel framførte verket igjen den 15. august, denne gongen med ein ny andresats, ein andante som erstatta den originale Andantino i 6/8.[3]

Verket var tydelegvis populært, for det vart framført fleire gonger i både 1779 og 1780.[4] Verket vart publisert i Paris av Sieber og annonsert for sal den 20. februar 1779.

Symfonien vart seinare framført i Burgtheater i Wien den 11. mars 1783 under ein kosnert for svigerinna til Mozart, songaren Aloysia Weber.[5]

Musikken endre

Symfonien følgjer mønsteret rask-langsam-rask, og manglar menuetten ein ofte finn i symfoniar i klassisismen.

  1. Allegro assai, 4/4
  2. Andante, 3/4
  3. Allegro, 2/2

Symfonien er skriven for eit stort orkester som var tilgjengeleg for Mozart då han var i Paris: 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar i A, 2 fagottar, 2 horn, 2 trompetar, pauker, og strykarar.

Kjelder endre

  1. Deutsch 1965, 174, 176
  2. Opphavleg på fransk. (1965, 174)
  3. Deutsch (1965, 178)
  4. Deutsch (1965, 185, 188)
  5. Deutsch (1965, 213)

Bakgrunnsstoff endre