Symfoni nr. 39 av Mozart

Symfoni nr. 39 i Ess-dur av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 543, vart skriven ferdig den 26. juni 1788.[1]

Symfoni nr. 39 i Ess-dur
K. 543
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert26. juni 1788
Typisk lengd28:25
Satsar/akter4
ToneartEss-dur

Komposisjon og premiere endre

Den 39. symfonien er den første av dei tre siste symfoniane som Mozart komponerte i rask rekkefølgje sommaren 1788. Nr. 40 vart ferdig den 25. juli og nr. 41 den 10. august.[1] På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolin-sonatina. Mozart-biografen Alfred Einstein har indikert at Mozart tok Michael Haydn sin Symfoni nr. 26, i same toneart, og nytta som utgangspunkt.[2]

Ein er ikkje sikker på når verket hadde premiere, eller om det vart framført i det heile medan Mozart levde.

Instrumentering og satsar endre

Symfonien er skriven for fløyte, to klarinettar, fagottar, horn og trompetar, pauke og strykarar, og består av fire satsar:

  1. Adagio, 2/2 – Allegro, 3/4
  2. Andante con moto, 2/4
  3. Menuett: Trio, 3/4
  4. Allegro, 2/4

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Deutsch 1965, 320
  2. Einstein 1945, 127

Bakgrunnsstoff endre