Symfoni nr. 41 av Mozart

Symfoni nr. 41 i C-dur, K. 551, er ein symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart som han skreiv ferdig den 10. august 1788.[1] Det var den siste symfonien han komponerte.

Symfoni nr. 41 i C-dur
K. 551
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert10. august 1788
Typisk lengd32:31
Satsar/akter4
ToneartC-dur

Verket har fått kallenamnet Jupiter-symfonien. Dette namnet kjem ikkje frå Mozart, men truleg frå impresarioen Johann Peter Salomon[2] i eit tidleg arrangement for piano.

Den 41. symfonien var den siste av tre symfoniar som Mozart skreiv i rask rekkefølgje sommaren 1788. Den 39. vart ferdig den 26. juni og den 40. den 25. juli.[1] På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolinsonatina.

Det er ikkje kjend om symfonien vart framført medan Mozart levde.

Verket er skrive i fire satsar og arrangert som ein tradisjonell symfoni frå klassisismen.

  1. Allegro vivace, 4/4
  2. Andante cantabile, 3/4 i F-dur
  3. Menuett: Allegretto - Trio, 3/4
  4. Molto Allegro, 2/2

Det uvanlege med denne symfonien er ein fugato for fem stemmer (som representerer dei fem dur-temaa) mot slutten av den fjerde satsen. Det er fugale-seksjonar gjennom heile satsen. Hovudtemaet består av fire notar:

I ein artikkel om Jupitersymfonien skriv Sir George Grove at «det er i finalen Mozart slepp laust alt han har heldt tilbake av det han har lært, og all krafta, som ingen ser ut til å ha hatt i same grad som han sjølv, og bevart denne vitskapen og gjort det til ein reiskap for musikken, som er like behageleg som lærerik. Ingen stad han oppnådd meir.»[3] Musikkvitarar er sikre på at Mozart studerte Michael Haydn sin Symfoni nr. 28 i C-dur, som òg har ein fugato i finalen.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Deutsch 1965, 320
  2. Heartz, Daniel, Mozart, Haydn and Early Beethoven 1781-1802, s. 210, Norton (2009), ISBN 978-0-393-06634-0
  3. Grove 1906
  4. C. Sherman, Foreword to score of Sinfonia i C, Perger 31 Wien: Doblinger K. G. (1967)

Bakgrunnsstoff endre