Sympathy for the Devil

«Sympathy for the Devil» Remix
Singel av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 16. september 2003
Innspelt Mars-juni 1968
Sjanger Rock
Lengd 38:24
Selskap ABKCO
Komponist Mick Jagger, Keith Richards
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Produsent Jellybean Benitez, The Neptunes, Fatboy Slim, Full Phatt
The Rolling Stones-kronologi 
«Don't Stop»
(2002)
«Sympathy for the Devil» Remix «Streets of Love» / «Rough Justice»
(2005)


Please allow me to introduce myself
I’m a man of wealth and taste
I’ve been around for a long long year stolen many man’s soul and faith
I was around when Jesus Christ had His moment of doubt and pain
Made damn sure that Pilate washed his hands and sealed His fate
Pleased to meet you hope you guess my name
But what's puzzling you is the nature of my game

Mick Jagger

«Sympathy for the Devil» er ein song av The Rolling Stones som opnar albumet Beggars Banquet frå 1968. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 32. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon endre

«Sympathy for the Devil» var tilskriven vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards, men vart i stor grad skriven av Jagger.[1] I eit intervju i 1995 meinte Jagger at det var ein gammal ide frå Baudelaire, men at han skreiv songen som ein Bob Dylan-song.[1] Visse delar av teksten er særs lik passasjar i romanen Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov.[2] Det var Richards som føreslo å endre tempoet og legge på ekstra perkusjon.[2][3]

Arbeidstittelen for songen var «The Devil Is My Name» og songen vert sungen av Jagger i førsteperson:[4]

« Please allow me to introduce myself, I’m a man of wealth and taste »

Desse opningslinjene er ein direkte inspirasjon frå opninga av Mesteren og Margarita med linja «'Unnskyld meg,' sa han med utenlandsk aksent, 'unnskyld at jeg, uten å være presentert, tillater meg …'»

Med eit intenst rockearrangement fortel forteljaren med isande narsissistisk velbehag, om gjerningane sine gjennom historia og åtvarar lyttaren: «If you meet me, have some courtesy, have some sympathy and some taste; use all your well-learned politesse, or I’ll lay your soul to waste.»

Beggars Banquet kom ut hadde the Rolling Stones alt laga rabalder med seksuelt direkte tekstar som «Let’s Spend the Night Together»[5] og fått skuldingar for å drive med satanisme[2] (det førre albumet deira heitte Their Satanic Majesties Request) og «Sympathy» brakte all denne uroa fram i lyset med rykte i media og religiøse grupper som frykta at The Rolling Stones var djeveldyrkarar med særs dårleg påverknad på ungdommen.[2] Teksten fokuserer derimot på det grufulle menneske har gjort gjennom historia, mellom anna krosstoga («I watched with glee while your kings and queens fought for ten decades for the Gods they made»), valden under den russiske oktoberrevolusjonen i 1917, og massakren i 1918 av Romanov-familien («I stuck around St. Petersburg when I saw it was a time for a change, killed the Tsar and his ministers – Anastasia screamed in vain») og den andre verdskrigen («I rode a tank, held a general’s rank when the Blitzkrieg raged and the bodies stank»).[6] Teksten viser òg til morda på John og Robert Kennedy. Innspelinga av songen var i gang då sistnemnde vart myrda og teksten vart endra frå «who killed Kennedy?» til «who killed the Kennedys?»

Songen kan ha ført til enno meir kontrovers då den første singelen frå albumet, «Street Fighting Man», vart enno meir kontroversiell etter raseopptøyane i USA og studentprotestane som oppstod i mange amerikanske byar.[7]

Innspeling endre

Innspelinga av «Sympathy for the Devil» starta i Olympic Sound Studios i London den 4. juni 1968 og heldt fram dagen etter. Fleire spor vart lagt oppå 8.–10. juni.[8] Medverkande på innspelinga var Nicky Hopkins på piano; Rocky Dijoncongatrommer; Bill Wymanmaracas. Richards spelte bass og den elektriske gitarsoloen.

Jagger fortel i Rolling Stone: «Songen har ein hypnotisk rytme, ein samba, med ei særs hypnotisk kraft. Songen går ikkje raskare eller treigare. Han har denne konstante rytmen. I tillegg er den sambarytmen god å synge oppå, men han har òg nokre antydingar, ei slags kjensle av å vere primitiv – fordi det er ein primitiv afrikansk, søramerikansk, afro-eitt-eller-anna-rytme candomblé. Så for kvite folk har han ei skummel kjensle.»[1]

Medverkande endre

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[9] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[10] Sølv 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Ettermæle endre

Jagger var overraska av at folk fekk inntrykk av dei var djeveldyrkarar etter berre ein song, og at folk altfor lett får denne oppfatninga, noko ein ser igjen i mange heavy metal-band i dag.[2]

Om den offentlege mottakinga sa Richards i 1971: «Før var vi berre uskuldige ungdommar som ville ha det kjekt, men no seier dei, 'Dei er onde, dei er onde'. Javel, er eg verkeleg ond? Det får ein til å tenke på ondskap, kva er det eigentleg? Eg er ikkje så sikker på om folk trur Mick er djevelen eller berre ein god rockeartist eller kva. Det finst svartkunstnarar som trur at vi er representantar for Lucifer og andre som trur at vi er Lucifer. Alle er Lucifer.»[11]

Det har vore ei feilaktig mistyding at det var «Sympathy for the Devil» som vart spelt då Meredith Hunger vart drepen under ein konsert av The Rolling Stones ved Altamont, medan songen var «Under My Thumb».[2]

Songen har elles vorte mykje spelt på konsertar opp gjennom åra og er gjeven ut på konsertalbuma The Rolling Stones Rock and Roll Circus, Get Yer Ya-Ya’s Out!, Love You Live, Flashpoint og Shine a Light.

Studioutgåva finst på samlealbuma Hot Rocks og Forty Licks.

Guns 'n Roses-versjonen endre

«Sympathy for the Devil»
Singel av Guns N’ Roses
frå albumet Greatest Hits
Språk engelsk
Utgjeve 1994
Innspelt 1994
Sjanger Rock
Lengd 7:36
Selskap Geffen
Komponist Mick Jagger, Keith Richards
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Guns N’ Roses-kronologi 
«Since I Don’t Have You»
(1994)
«Sympathy for the Devil» «Oh My God»
(1999)


Guns N' Roses spelte inn ein versjon i 1994 som nådde 55. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart nytta under rulleteksten til Neil Jordan-filmen Interview with the Vampire og kom ut på Greatest Hits-albumet deira. Songen vart spelt inn medan bandet var i ferd med å oppløysast, og Slash har skildra versjonen som «lyden av eit band som går mot slutten».[12]

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1994–1995) Plassering
Australia (ARIA)[13] 12
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[14] 17
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[15] 18
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[16] 40
Finland (The Official Finnish Charts)[17] 2
Frankrike (SNEP)[18] 15
Tyskland (Media Control AG)[19] 20
Irland (IRMA)[20] 16
Nederland (Mega Single Top 100)[21] 9
New Zealand (RIANZ)[22] 13
Noreg (VG-lista)[23] 5
Sverige (Sverigetopplistan)[24] 7
Sveits (Schweizer Hitparade)[25] 15
UK Singles (Official Charts Company)[26] 10
US Billboard Hot 100[27] 55
US Mainstream Rock (Billboard)[28] 10

Andre utgåver endre

Mange har spelt songen i ettertid, mellom andre Bryan Ferry, Jane's Addiction, Blood, Sweat & Tears, Electric Hellfire Club, Tiamat, Sandie Shaw, Skrew, Ozzy Osbourne, The Residents og Guns N’ Roses. Sistnemnde gav songen ut på singel i 1994, og han nådde 55. plass på den amerikanske singellista.

Mange har òg spelt songen på konsertar, som Natalie Merchant, Pearl Jam, Bon Jovi og U2 (utdrag).

Remiks endre

I september 2003 gav ABKCO Records ut ein remix-singel av songen med remiksar av The Neptunes, Fatboy Slim og Full Phatt.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jann Wenner (14. desember 1995). «Jagger Remembers». Rolling Stone. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Cruickshank, Douglas. «Sympathy for the Devil». Salon. 
  3. The Rolling Stones (2003). According to the Rolling Stones. Chronicle Books. s. 119. ISBN 0-8118-4060-3. 
  4. Ian McPherson. «Track Talk: Sympathy for the Devil». 
  5. Unterberger, Richie. «Let's Spend the Night Together». allmusic. 2007
  6. Jagger/Richards (20. juni 2004). «Sympathy for the Devil». RollingStones.com. 
  7. Bill Wyman (2002). Rolling With the Stones. DK Publishing. s. 309. ISBN 0-7894-9998-3. 
  8. Nico Zentgraf. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». Henta 23. februar 2008. 
  9. «Italian single salstrofé – The Rolling Stones – (Sympathy for the devil)» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 12. januar 2015.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Rolling Stones in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  10. «British single salstrofé – The Rolling Stones – (Sympathy for the devil)». British Phonographic Industry. Henta 23. februar 2017.  Enter (Sympathy for the devil) in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  11. Greenfield, Robert (19. august 1971). «The Rolling Stone Interview: Keith Richards». Rolling Stone. 
  12. Bozza, Anthony; Slash (2007). Slash (Paperback). New York: Harper Collins. s. 480. ISBN 0-00-725777-5.  (German paperback is ISBN 0-00-725776-7)
  13. "Australian-charts.com – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  14. "Guns N' Roses – Sympathy for the Devil – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  15. "Ultratop.be – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  16. "Ultratop.be – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  17. Pennanen, Timo. Sisältää hitin: levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Otava Publishing Company Ltd, 2003. ISBN 951-1-21053-X
  18. "Lescharts.com – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  19. "Guns N' Roses - Sympathy for the Devil". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
  20. "The Irish Charts – Search Results – Guns N' Roses". Irish Singles Chart. Retrieved 26. mars 2018.
  21. "Dutchcharts.nl – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  22. "Charts.org.nz – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  23. "Norwegiancharts.com – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  24. "Swedishcharts.com – Guns N' Roses – Sympathy for the Devil". Topp 60. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  25. "Guns N' Roses – Sympathy for the Devil – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  26. "Chart Stats – Guns N' Roses – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2018.
  27. "N' Roses?f=379&g=Singles Guns N' Roses Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Guns N' Roses. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.
  28. "Guns N' Roses Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 26. mars 2018.