Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som handlar om politikk, litteratur og samfunn. Det kjem ut fire gonger i året og er på nynorsk. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan bladet får støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.

Syn og Segn
Oppretta1894
Språknorsk
Målformnynorsk
Nettstadhttp://www.synogsegn.no/

Tidsskriftet vart grunnlagt i 1894 av Arne Garborg. Seinare redaktørar har mellom anna vore Moltke Moe, Halvdan Koht, Olav Midttun, Bjarte Birkeland, Berge Furre og Hilde Sandvik. Tidsskriftet blei kåra til Årets tidsskrift i Noreg i 2010.[1]

Tidsskriftet er medlemsbladet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i hovudsak eit abonnementsblad, men finst òg i nokre kioskar og bokhandlar i dei store byane. Bladet er òg tilgjengeleg i bibliotek i store delar av landet.

Redaktørar endre

Kjelder endre

  1. Sigvartsen, Ana Leticia (3. juni 2010), «Nynorsk-feiring med champagne», NRK (på norsk bokmål), henta 7. desember 2020 
  2. Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993
  3. «Om Syn og Segn», www.synogsegn.no, henta 22. november 2020 

Bakgrunnsstoff endre