Synne Skinnes Hansen

Synne Skinnes Hansen (fødd 12. august 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Rosenborg og det norske landslaget.

Synne Skinnes Hansen
Personleg informasjon
Fødd 12. august 1995
Fødestad Hvittingfoss
Posisjon Back, kant
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rosenborg
Nummer 20
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2012 Eik-Tønsberg 6 (0)
2012–2016 Røa 84 (27)
2017–2019 LSK Kvinner 60 (18)
2020–2021 Linköping 14 (0)
2021– Rosenborg 29 (4)
Landslag
2011 Noreg J16 4 (0)
2012 Noreg J17 2 (0)
2013–2014 Noreg J19 23 (6)
2014–2018 Noreg U23 13 (2)
2016– Noreg 27 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022

Skinnes Hansen er opphavleg frå Hvittingfoss.[1] Ho spela for Eik-Tønsberg i 2. divisjon i 2012 før ho gjekk til Røa i Toppserien same år. Etter fire og eit halvt år i Røa, gjekk hun til LSK Kvinner før 2017-sesongen. I LSK Kvinner var ho med å vinne Toppserien tre år på rad frå 2017 til 2019.

Før 2020-sesongen gjekk Skinnes Hansen til svenske Linköping.[2] Der var ho i halvtanna år før det i august 2021 vart kjent at ho hadde signert for Rosenborg.[3]

Skinnes Hansen vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong i oktober 2015.[4] Debuten fikk hun 15. september 2016 da ho vart bytta inn for Caroline Graham Hansen mot Kasakhstan.[5] Ho var ein del av den norske troppen til VM i Frankrike 2019[6] og til EM i England 2022[7]

Kjelder endre

  1. Fikk Hegerbergs plass i landslagstroppen i Dagbladet 2. september 2017.
  2. AS, TV 2 (18. desember 2019). «Landslagsforsvarer til svensk fotball». TV 2 (på norsk). Henta 14. februar 2022. 
  3. «Rosenborg forsterker med A-landslagsspiller.». Rosenborg Kvinner (på norsk bokmål). 4. august 2021. Henta 14. februar 2022. 
  4. «Finjord med én debutant i landslagstroppen». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 14. februar 2022. 
  5. Bakke, Torgrim Gotland (15. september 2016). «(+) Synne Skinnes Hansen debuterte på A-landslaget». Laagendalsposten (på norsk). Henta 14. februar 2022. 
  6. Fotballforbund, Norges. «Her er Norges VM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 14. februar 2022. 
  7. Fotballforbund, Norges. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 9. juli 2022.