Synthesizer eller synth er eit elektronisk musikkinstrument som lagar ljod ved hjelp av analoge eller digitale elektroniske kretsar. Ein synthesizer inneheld komponentar som genererer, modifiserer, kontrollerer og kombinerer signal. Synthesizerar kan ha ulike utformingar, men ei tangentfjøl med pianotangentar og kontrollpanel er den vanlegaste. Dei kan også styrast frå andre intrumenttypar ved hjelp av MIDI.

Moog modular synthesizer.

Dei første synthesizerane blei laga i 1950-åra og blei først brukt til kunstmusikk. Seinare fekk dei ein sentral plass i jazz og popmusikk. På 1970-talet blei synthesizerar i aukande grad brukt til pop- og rockemusikk, og på 1980-talet oppstod musikkforma synthpop.

Historie endre

Dei fyrste kommersielle synthsizarane vart produsert av Robert Moog og selskapet Moog Music, som også fekk stor innverknad på synthesizerbruken. Den første moog-synthesizeren blei lansert i 1964.

Kjelder endre

«synthesizer» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.