Szombathely

byar i Ungarn

Szombathely (latinsk Savaria/Sabaria tysk Steinamanger, kroatisk Sambotel, slovensk Sombotel, slovakisk Kamenec, serbisk Sombathelj eller Сомбатхељ) er ein by i Ungarn. Han er fylkeshovudstad i Vas fylke, vest i landet og ligg nær grensa til Austerrike.

Szombathely
Flagget til Szombathely Byvåpenet til Szombathely
Flagget til Szombathely Byvåpenet til Szombathely


Plassering
Szombathely is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Vest-Transdanubia
Vas
Grunnlagd 45
Geografi
Flatevidd
 - By

97,52 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

80 154
  822/km²
Koordinatar 47°14′06″N 16°37′19″E / 47.23500°N 16.62194°E / 47.23500; 16.62194
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 9700
Telefon-retningsnummer 94
Heimeside: www.szombathely.hu

Szombathely ligg ved elvane Perint og Gyöngyös, der Alpokalja møter Den vesle ungarske sletta.

Etymologi endre

 
Fransiskanarkyrkje i Szombathely

Namnet Szombathely kjem frå det ungarske szombat, «laurdag» og hely, «plass», og referer til at det vart halde marked her kvar laurdag.

Det tyske namnet Steinamanger tyder «steiner på ei slette» (Stein am Anger), og referer til ruinane av den romerske byen Savaria.

Det latinske namnet Savaria eller Sabaria kjem frå Sibaris, det latinske namnet på elva Gyöngyös. Rota av dette ordet kjem frå det urindoeuropeiske ordet seu, som tyder «våt». Den austerrikske delen av elva heiter framleis Zöbern, ein variasjon av det latinske namnet.

Historie endre

Savaria, den romerske byen endre

Szombathely er den eldste byen i Ungarn og vart grunnlagd i 45 e.Kr. med namnet Colonia Claudia Savariensum (Claudius sin koloni av savarianarar) og vart hovudstad i Pannonia Superior, ein provins i Romarriket. Han låg nær den viktige handelsruta «Rav-vegen». Byen hadde ein keisarleg residens, eit offentleg bad og eit amfiteater. Septimus Severus var guvernør i provinsen og vart vald til keisar her.

Keisar Konstantin den store vitja Savaria fleire gonger. Han enda forfølginga av kristne, som tidlegare hadde kravd mange liv i området, inkludert biskop St. Quirinus, St. Rutilus og St. Ireneus. Keisaren reorganiserte koloniane og gjorde Savaria til hovudstad i provinsen Pannonia Prima. Folketalet i denne perioden voks og nye bygningar vart reist, mellom anna teater og kyrkjer. Martin av Tours vart fødd her.

Etter keisar Valentianus døydde invaderte hunarane Pannonia og Attila sin hær okkuperte Savaria mellom 441 og 445. Byen vart øydelagd av eit jordskjelv i 458.

Mellomalderen endre

 
Domkyrkja

Trass i ei vanskeleg tid vart innbyggjarane verande i byen. Bymurane vart gjenoppbygd og mange bygningar vart bygd av steinar frå dei øydelagd romerske bygningane. Den latinske folkesetnaden flytta, hovudsakleg til Italia, men nye folk kom til, hovudsakleg gotarar og langobardarar.

På 500- til 700-talet var byen busett av avarar og slaviske stammer. I 795 slo frankarane dei og okkuperte byen. Karl den store vitja byen der St. Martin vart fødd.

Kong Arnulf av frankarane gav byen erkebiskopen av Salzburg i 875. Slottet vart sannsynlegvis bygd på denne tida av steinar frå det romerske badet. Seinare vart Savaria erobra av Mähren, men dette styret vart kort og rundt år 900 vart byen erobra av ungarar.

I 1009 gav Stefan I byen til det nyoppretta bispedømet Győr. Byen leid mykje mellom 1042 og 1044 under krigen mellom kong Sámuel Aba og Henry III av Det tysk-romerske riket.

Szombathely vart øydelagd under den mongolske invasjonen av Ungarn i 1241-1242, men vart kort tid etter gjenoppbygd og fekk status som fri keisarby i 1407. I 1578 vart han hovudstad i Vas fylke.

Byen hadde framgang fram til 1605 då han vart okkupert av hæren til István Bocskai.

Szombathely i nyare tid endre

Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn invaderte osmanarane området to gonger, først i 1664, då dei vart slått ved den nærliggande byen Szentgotthárd, og seinare i 1683, då dei ville ta Wien, men vart igjen slått tilbake og plyndra mange byar på tilbakevegen. Bymurane i Szombathely verna han derimot begge gonger. Etter landet vart frigjort frå det osmanske styret kom ei fredful tid fram til Frans II Rákóczi sin revolusjon mot Habsburgarane tidleg på 1700-talet.

Under revolusjonen støtta byen prinsen, men vart okkupert av Habsburg-hæren i 1704. Han vart frigjort i november 1705, men vart igjen okkupert i byrjinga av 1706. Dei neste åra vart han igjen okkupert fleire gonger av begge sider.

I juni 1710 mista 2000 menneske livet under ein pest, og 3. mai 1716 vart byen øydelagd av brann. Ny innbyggjarar, hovudsakleg tyskarar, kom for å erstatte dei gamle og byen hadde ein tysk majoritet i lang stund. Byen kom seg på fote att og med støtte frå Ferenc Zichy, biskopen i Győr, vart det bygd eit gymnas i 1772. Bispedømet Szombathely vart grunnlagd i 1777 av Maria Theresa. Den nye biskopen av Szombathely, János Szily, gjorde mykje for byen, mellom anna fekk han bygd ei domkyrkje, bispepalasset og ein skule (som opna i 1793.)

I 1809 okkuperte Napoleon sin hær byen og heldt han i 110 dagar. I 1817 vart 2/3 av byen øydelagd i brann igjen og i 1813 tok ein koleraepidemi mange liv.

Under den ungarske revolusjonen i 1848 støtta Szombathely revolusjonen, men det var ingen kampar i området sidan byen vart verande under Habsburg sitt styre. Åra etter Ausgleich (1867) førte med seg velstand. Byen fekk jernbanelinje i 1865 og i 1870-åra vart Szombathely eit stort jernbaneknutepunkt. I 1885 vart dei nærliggande landsbyane Ó-Perint og Szentmárton ein del av byen.

Szombathely i moderne tid endre

 
Rådhuset

Etter Trianontraktaten etter den første verdskrigen mista Ungarn mange av dei vestlege områda sine til Austerrike og Szombathely vart ein by berre 10 km frå den nye landegrensa. Velstanden heldt fram i Szombathely mellom verdskrigane og mange skular vart oppretta og mellom 1926 og 1929 vart det mest moderne sjukehuset i Transdonau-regionen bygd.

Under den andre verdskrigen vart Szombathely eit mål på grunn av jernbaneknutepunktet og flyplassen her. Byen vart derfor fleire gonger utsett for bombeåtak.

Etter krigen voks byen og absorberte fleire nærliggande landsbyar. Under den ungarske revolusjonen i 1956 vart han okkupert av Sovjetunionen som tok livet av mange innbyggjarar.

I 1970-åra vart byen industrialisert og mange fabrikkar vart bygd.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre