Tåkedis er ei form for dis med små vassdropar i lufta. Han kan oppstå som ein naturleg del av vêret eller ved vulkansk aktivitet, og er vanleg i kald luft over varmare vatn, i utanda luft i kulde og i sauna. Ein kan òg få danna kunstig tåkedis med sprayboksar viss fuktforholda ligg til rette for det.

Sollys skin gjennom eit tynt tåkelag ein klår morning i Albuquerque i New Mexico i USA

Den einaste skilnaden mellom tåkedis og tåke er sikt. Viss sikta er mindre enn 1 kilometer vert det kalla tåke, elles er det tåkedis eller tørrdis. Sett frå avstand er tåkedisen blåaktig, medan tørrdisen er meir brunfarga.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tåkedis