Telavåg er ein tettstad i Øygarden kommune. Tettstaden har 612 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg like ved det opne havetSotra utanfor Bergen i Vestland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942.

Tælavåg
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Areal 0,81 km²
Folketal 612  (2023)
Folketettleik 756 / km²
Postnummer 5380 TÆLAVÅG
Kart
Telavåg
60°13′00″N 5°06′00″E / 60.21666667°N 5.1°E / 60.21666667; 5.1
Wikimedia Commons: Telavåg

Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid.

Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkane at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.

Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve.

Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartmuseet, som vart opna i Telavåg i 1998.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre