Tínos (gresk Τήνος, italiensk Tine) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart Tínos kalla Ophiussa og Hydroessa. Dei næraste øyane er Ándros, Dílos og Mýkonos. Ho har eit areal på 194 km² og eit folketal på rundt 8 500 innbyggjarar.

Tínos
Lokalt namn Τήνος
Hamna på Tínos
Hamna på Tínos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°32′N 25°10′E / 37.533°N 25.167°E / 37.533; 25.167
Øygruppe Kykladane

Areal 194,6 km²

Høgaste punkt Tsikniás (750 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Tínos
Største busetnad Tínos (4 762 innb.)

Demografi
Folketal 8 633 (2011[1])
Folketettleik 44,4 /km²

Tínos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Tínos hadde tidlegare tre kommunar, men heile øya er no ein kommune, den einaste i periferieininga.[2]

Mellom 1207 og 1715 høyrte Tínos til Republikken Venezia, og frå 1715 til 1821 høyrte ho til Det osmanske riket før ho vart ein del av Hellas.

Tínos er hos grekarane kjend for kyrkja Panajía Evangelístria, dei om lag 20 vindmøllene, om lag tusen kunstneriske dueslag, femti aktive landsbyar og dei venetianske festningsverka i fjellet, Exómvourgo.

Øya ligg om lag midt i Kykladane og på grunn av kyrkja Panajía Evangelístria, som visstnok inneheld eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria kjem det årleg mange pilegrimar her. Dette er kanskje den mest aktive pilegrimsstaden aust i Middelhavet i dag.

Av mineralressursar på øya finn ein marmor, Verde antico, asbest og eit granittbrot nær Vólakas.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Tínos, no kommunaleininga Tínos

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 8 636 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tínos hadde 5 744 og tettstaden med same namn 4 762 innbyggjarar.[1]

Landskap endre

Tínos har eit variert landskap. Frå kysten ved Pánormos og Kolυmbíthra på nordkysten til Kiónia, Ájos Jánnis O Pórtos og Ájos Sóstis på sørkysten har Tínos mange strender. Tsikniás er det høgaste fjellet med ei høgd på 750 moh. Fjellet Exomvoúrgo er meir særmerkt og er meir kvassare enn dei avrunda fjella ellers i Kykladane, og har ein utsjånad som høyrer meir heime i Alpane. Mellom Tsikniás og Exomvoúrgo ligg den frodige sletta Falatádos. Dette området er unikt på øya sidan det er relativt flatt, som er sjeldan på øya. Dette har gjort ho til ein sterk kandidat for ein flyplass som enno ikkje er bygd på øya. Vinden Meltemi og protestar frå dei lokale landsbybuarane har så langt stoppa denne bygginga. Området rundt Vólax er surrealistisk og svært uvanleg med store rullesteinar på storleik med store bygningar. Landsbyen Vólakas ligg midt i dette landskapet.

Klima endre

Tínos har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og milde og våtare vintrar.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Maks. 14 °C 15 °C 16 °C 19 °C 22 °C 26 °C 28 °C 28 °C 26 °C 23 °C 19 °C 15 °C
Min. 10 °C 10 °C 11 °C 13 °C 17 °C 21 °C 23 °C 24 °C 21 °C 19 °C 15 °C 12 °C
Nedbør 20 18 13 13 8 0 0 0 5 5 15 28
Vind i km/t 29 30 26 20 21 23 23 26 23 26 23 28

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Tínos Tínos 4 762
Ajía Varvára Tínos 357
Pánormos Pánormos 336
Stení Exómvourgo 295
Falatádos Exómvourgo 226

Andre busetnader på øya er:

  • Kalloní (201)
  • Laoúti (201)
  • Kómi (188)
  • Kiónia (146)
  • Myrsíni (99)
  • Ystérnia (99)
  • Órmos Panórmou (92)
  • Agápi (91)
  • Ájos Sostís (86)
  • Tripótamos (83)
  • Skaládos (75)
  • Ktikádos (74)
  • Kardianí (73)
  • Kámbos (71)
  • Káto Klísma (57)
  • Ájos Fokás (57)
  • Vólakas (53)
  • Smardáki (51)
  • Òrmos Ajíou Ioánnou (50)




Småøyar i kommunen:

  • Drakonísi (0)
  • Dýsvato (0)

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tínos