Tøffel er fottøy laga av mjuke materiale som hovudsakleg blir brukt innomhus. Tøflar er ofte behagelege, laustsitjande sko som kan dekkja heile eller delar av foten. Nokre når også eit stykke opp på leggen.

Eit par velbrukte tøflar.

Tøflar kan brukast for å halda føtene varme, for å verna dei mot søl eller anna på golvet, eller for å unngå bruk av hardare sko, til dømes som vern mot slitasje eller støy.

Historie endre

 
Janitsjarar med låge, tøffelaktige sko. Osmansk miniatyr frå 1720.
 
Batseba i badet av Hans Memling frå rundt 1480 viser ei fornem kvinne som tek på seg eit par opne, låghæla tøflar etter å ha bada.

Det finst ei rekkje mjuke skotypar frå ulike delar av verda som også er blitt brukte som innesko, som halm- eller sivsko, mokkasinar, skallar og andre sko av skinn. Mange moderne tøflar har likevel opphav i Midt-Austen. Her blei det utvikla sko med låg eller inga hælkappe som lett kunne takast av, til dømes når ein gjekk i moskeen.[1] I Nord-Europa spreidde tøflar seg som innesko i seinmellomalderen. Kostbare tøflar med korksole og broderi gav høg status.[2] På 1700-talet blei halvtøflar med høge hælar og av dyre materiale, som silke, utvikla som luksusfottøy.[3]

Utforming endre

Moderne tøflar blir finst i ei rekkje variantar. Dei kan lagast av materiale som filt, frotteliknande tekstilar, mjukt lêr eller skinn. Solane kan vera av kork, gummi eller plastmateriale, og er vanlegvis mindre slitesterke enn utesko.

Mange tøflar er forma som ein enkel, open sko utan snøring, ofte også uten hælkapper slik at det er lett å stikka føttene inn i dei og ta dei ut. Andre kan ha mjuk hælkappe. I nokre høve er utesko gjort om til tøflar eller har inspirert utforminga av dei.

Tøflar kan vera einsfarga eller dekorert med til dømes broderi, tøymerke, pelskantar og paljettar. Ein del kan vera utforma som kosedyr, dyreføter og liknande. Nokre kan vera så høge at dei dekkjer delar av leggen, men i mjukare materiale enn støvlar.

Bruk endre

 
Morgonkåpe og tøflar under Burning Man-festivalen i USA.

Tøflar har gjerne i oppgåve å halda føtene varme, og blir då gjerne brukt i kalde omgjevnader, som i kaldt klima, om haust og vinter, eller stader der det er golvkaldt. Ofte blir dei brukt om morgon eller kveld når ein ikkje er heilt kledd, gjerne saman med morgonkåpe.

Tøffelbruk i staden for å gå på sokkelesten kan hindra slitasje på sokkane og skliing. Bruk av tøflar i staden for utesko sparer golvvask og kan hindra støy på harde golv.[4] Nokre museum bruker også tøflar for å verna fine golv og golvteppe mot skit og slitasje.

Ein kan ha eigne tøffelpar til bruk i kjøkken, baderom og toalett for å hindra overføring av ureiningar mellom golvflatar.

Ordsoge endre

Ordet «tøffel» kjem frå nederlandsk toffel/tysk tüffel, ei kortform av tysk Pantoffel som kjem via fransk pantoufle frå italiensk pantofola. Ord som pantofler eller pantøfler er eldre dansk-norske nemningar for tøflar.

Det engelske ordet slippers er også brukt på dansk og norsk om sko som lett kan gli av og på foten (engelsk to slip tyder 'å gli'). Ordet kan visa til tøflar utan hælkappe eller enkle sandalar som ein lett kan ta av og på.

Tøflar i kulturen endre

I dagleglivet

«Tøffelhelt» er ei spøkefull og lett nedsetjande nemning for ein kua ektemann som let kona herse med seg. Ordet kjem frå det tyske Pantoffelheld. I gamle dager var tøflar vanleg fottøy for kvinner når dei arbeidde i huset, og tøflar var derfor eit symbol for kvinner. Ein mann som var «under tøffelen» var altså under kona sin kommando. Dei eldre uttrykka «tøffelhær», «tøffelregiment» og «skjørteregiment» viser til ein flokk av tøffelheltar og skildra det same maktforholdet i heimen og ekteskapet. Ei nyare nemning er berre «tøffel», som også kan brukast generelt om underdanige menn som er «mjuke som ein tøffel».

I Tyskland blir TV spøkefullt omtalt som Pantoffelkino, det vil seie 'tøffelkino'.

«Tøffelbotn» er eit gammalt ord for ein grunn strandbotn der ein kan gå tørrskodd når det er lågvatn.

Ciabatta, ein avlang, italiensk brødtype, betyr 'tøffel' på italiensk.

I biologien

  • Tøffeldyr (Paramaecium ) er eit såleforma, flimmerhårdekka infusjonsdyr som særleg lever i råttent vatn. Det blir opptil to-tre tiendedels millimeter langt.
  • Tøffelblom (Calceolaria) er ei planteslekt i tøffelblomfamilien (skild ut frå den tidlegare maskeblomfamilien) frå Sør- og Mellom-Amerika. Plantane har lenge vore dyrka som potteplante og fått namnet «tøffelblom» fordi dei fargerike blomane har ei stor underleppe som er forma som ein pose eller tøffel.
  • Tøffeltre er ei eldre, sjeldnare nemning for treslaget korkeik. Barken på dette treet blei mellom anna brukt til å laga sålar til tøflar. Namnet er lånt frå tysk der tilsvarende neming er Pantoffelbaum ('tøffeltre') og Pantoffelholz ('tøffelved').
  • Tøffelsko var tidlegare eit veterinæruttrykk for ein ekstra tjukk hestesko som blei brukt viss bakerste del av hoven på ein hest var særleg låg.

I populærkulturen

Tøfflus er namnet på ei handdokke som var med i Jul i Skomakergata, ein populær julekalenderserie for fjernsyn frå 1979. Figuren opptrer i serien som ein levande tøffel og blir spelt av Åsmund Huser.

Biletdøme endre

Kjelder endre

  1. The Middle East Arkivert 2012-07-24 ved Wayback Machine., The Bata Shoe Museum 2009.
  2. T.d. Christian 4s Nathue og tøfler - Rosenborg Slot
  3. «tøfler» i Store Norske Leksikon
  4. «Noise Associated with Wood and Laminate Flooring», Basingstoke and Deane Borough Council, basingstoke.gov.uk; Harriet Dennys, «Slippers at noon in City restaurant noise row», City A.M. (May 5, 2011)
*«tøffel»[daud lenkje] i Bokmåls- og Nynorskordboka

Bakgrunnsstoff endre