Eit tørrår er eit år med lite nedbør. Det blir nytta både i samband med jordbruk og vasskraft, men med litt ulike tydingar.

Tørke i Haute-Marne i Frankrike.

Jordbruk endre

Eit skinår eller tørrår er eit år der vekstsesongen er så tørr at veksten i åkeren er så liten at avlinga er sterkt redusert i høve til eit normalår.

Vasskraft endre

I vasskraftsamanheng er eit tørrår eit år der ein gjennom heile året har mykje mindre nedbør enn normalt slik at produsert elektrisk energi er mykje mindre enn i eit normalår. I tørrår vil ein trenge å importere store mengder elektrisitet til landet. Blåsjø i Ulla-Førre-kraftverket er bygd med tanke på å kunne magasinere vatn i normalår og produsere i tørrår.

Sjå òg endre

Kjelder endre