Tørris er frosen karbondioksid. Under normalt lufttrykk og temperatur vil CO2 i fast form sublimere, det vil seie at han går direkte over frå fast form til gass, utan noko flytande mellomstadium. Derav namnet "tørris".

Ved 1 atmosfæres trykk har tørris ein temperatur på -78,5 °C.[1]

Bruksområde endre

Kjøling endre

Tørris blir brukt til å kjøle ned blant anna matvarer.

Tåke-/røyklegging (spesialeffektar) endre

Når tørris kjem i kontakt med vatn, vert det danna kald karbondioksid i gassform og kald fuktig luft. Dette fører til kondensering og det vert danna damp/røyk/tåke.

Reingjering endre

Tørris vert brukt som blåsemedium ved reingjering av lakkerte metallflater i ein teknikk som minner om sandblåsing. Sidan tørrispartiklane fordampar, vert det avfallsproblemet mindre enn ved alternative metodar.

Kjelder endre