Tøystamper vart brukt til å valke ullstoff til vadmål. Tøystampa var ei mekanisering av valkinga. Stampemølle er ei anna nemning på tøystampe.

Drivhjul til tøystampe. Foto: L.E. Kutschera

Verkemåte endre

Tøystampa utnytta vasskrafta til å stampe tøyet ved at ein mekanisme drive av eit vasshjul eller ein kvernkall vekselvis løfta og slapp ned tunge stokkar på store ullstoff som ligg i trau med vatn i. Kraftutvekslinga gjekk føre seg på same måte som i andre tradisjonelle vassdrivne mekanismar, som til dømes kvernar. Vatnet frå ein bekk eller elv vert leia via eit slåk fram mot ein kvernkall som vert skufla rundt, og rotasjonen overført til ein liggande stokk som har innfelt fleire taggar som er montert med jamne mellomrom i rotasjonen. Mot desse taggane er det montert eit tilsvarande tal med tverrliggande stokkar som løfter opp store, tunge stokkar og slepp dei ned att i trau med vatn. Den harde, rytmiske stampinga tovar eller valkar stoffet saman til vadmål.


 
Ullstoffet vert stampa i trau
 
Tre store trau med ullstoff, og seks stokkar som stampar stoffet

Utbreiing endre

Det finst ei tøystampe i vassbruksmiljøetTakle i Gulen i Sogn og Fjordane. Tøystampa inngår i eit heilt vassbruksmiljø med kvern, stampe og slipestein. Vassbruksmiljøet på Takle er restaurert og sett i stand.

Det finst også ei restaurert tøystampe ved Leirvik i Stord.

Bakgrunnsstoff endre