Tractors and Farm Equipment (TAFE) er ein indisk traktorprodusent. TAFE starte med å produsera Massey Ferguson traktorar på lisens i 1961. Dei har òg produsert Perkins (eigd av Massey Ferguson) dieselmotorar på lisens, under namnet Simpsons.

TAFE er ein av dei største traktorprodusentane i India, med over 500 forhandlarar berre i India. TAFE eksporterer òg mykje av produksjonen. AGCO eig 24 % av aksjane i TAFE og somme av traktorane som TAFE produserer vert selde under andre AGCO-merkenamn (AGCO har kjøpt opp mange traktorprodusentar). TAFE sel både sine eigne òg ande merke under varemerket TAFE. Dei har òg eit samarbeide med den koreanske traktorprodusenten LS Tractors.

I juni 2004 tok TAFE over den indiske traktorprodusenten Eicher, som opphavleg var eit dotterselskap til den tidlegare tyske traktorprodusenten Eicher. Med dette oppkjøpet hamna dei på 2. plass i den indiske marknaden, som vert rekna som verdas størte traktormarknad.

Kjelde endre

Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff endre