TETRA, som er kort for Terrestrial Trunked Radio, er eit mobilradiosystem som vert brukt av politi, ambulansetenesta og militære. Det har desse fordelane framfor liknande teknologiar som til dømes GSM:

  • Brukar mykje lågare frekvensar, noko som gjera at ein kan dekka mykje større område med færre sendarar slik at ein får lågare kostnader til infrastruktur,
  • at infrastrukturen er skild frå det offentlege mobiltelefonnettet og den kan i tillegg gjerast sikrare ved at basestatsjonane kan plasserast eit godt stykke frå det området dei skal tena, og at
  • til skilnad frå dei fleste cellbaserte teknologiane kan ein i TETRA kommunisera direkte mellom dei enkelte terminalane/apparata om infrastrukturen skulle feila.
TETRA-handsett

Ulempene med TETRA er:

  • Innan eit område kan det vera langt færre apparat enn i eit system basert på GSM eller liknande teknologiar (som i og for seg ikkje er eit problem i dei bruksområda der teknologien blir brukt, men som avgrensar bruken til akkurat dei områda)
  • Handsetta/terminalane/apparata er dyre (omtrent 750 Euro i 2003), noko som skuldast det låge volumet samanlikna med t.d. GSM.
  • Dataoverføring er ekstremt langsam, 7.2 kbit/s.
  • På grunn av den låge frekvensen som er brukt, vil handsett virka inn på pacemakarar og defibrillatorar

TETRA-terminalar kan fungera som mobiltelefonar, med direkte samband til det offentlege telenettet. Det er også vanleg å bruka dei til gruppekall, det ein ved å trykkja på ein knapp vil oppretta samband med ein administrator og alle andre i gruppa. Det er også mogeleg å bruka terminalen som walkie talkie, utan dei vanlege avstandasgrensene, sidan ein framleis brukar nettet. Ved hjelp av naudknappar på terminalane kan ein brukar senda naudkall til administratoren. Eit naudkall vil overstyra all annan aktivitet på nettet.

TETRA brukar Time Division Multiple Access (TDMA) med fire brukarkanalar på kvar radioberebølgje og 25 kHz avstand mellom berebølgjene. Både punkt-til-punkt- og punkt-til-mangepunkt-overføringar kan gjerast. Digitale dataoverføringar også ein del av standarden, men med låg overføringskapasitet.

TETRA-mobilstasjonar (MS) kan kommunisera i «direkte modus» eller ved å bruka ein infrastruktur av TETRA-basestasjonar (TBS). Samstundes som dette gjer det mogeleg å kommunisera i situasjonar der ein ikkje kan nå nettverket, gjer det det også mogeleg å bruka ein (eller ei kjede av) TETRA-terminalar som mellomstasjonar for eit signal. I samband med redningsoperasjonar kan denne funksjonen gjera det mogeleg å bruka direkte kommunikasjon til område under bakken eller i område med dårleg nettdekning.

I tillegg til telefon- og administrator-tenester støttar TETRA-systemet også fleire typar datakommunikasjon. Statusmeldingar og «short data services» (SDS) vert sendt over systemet sin kontrollkanal, medan pakkedata vert sende over kanalar som er særleg tildelte for dette.

All trafikk er normalt kryptert. TETRA kan kryptera det som går over radio («på lufta») eller heile kommunikasjonen frå ende til ende.

I Europa brukar TETRA desse frekvensane:

  • Naudsystem 380-383 MHz, 390-393 MHz (also 383-395 MHz and 393-395 MHz)
  • Civil systems 410-430 MHz, 870-876 MHz / 915-921 MHz, 450-470 MHz, 385-390 MHz / 395-399,9 MHz,

TETRA er ein ETSI-standard som vart publisert første gongen i 1995. TETRA er teken opp av "European Radio Communications Committee" (ERC).

Helse endre

TETRA brukar frekvensen 17Hz for TDMA (sjå lenger oppe), det vil seia ein amplitudemodulasjon på 17 gonger i sekundet oppå ei berebølgje ved mikrobølgjefrekvensane lista over. Det vert påstått at TETRA fører til helseproblem for dei som bur i nærleiken av master fordi denne frekvensen virkar inn på hjerneaktivitet. Det ser ikkje ut til å finnast nokon studiar gjort på menneske som gjev direkte informasjon om helseeffektar av å vera eksponert for frekvensfelt med omkring 16Hz modulasjon.

Bakgrunnsstoff endre