Isla de Tagomago er ei privateigd øy utanfor austkysten av Ibiza. Ho høyrer til Balearane i Spania.

Illa de Tagomago
øy
Tagomago
Land  Spania
Region Balearane
Provins Ibiza
Kommune Santa Eulària des Riu
Stad Det baleariske havet
 - koordinatar 39°02′00″N 1°39′00″E / 39.03333°N 1.65°E / 39.03333; 1.65
Areal 0,4 km²
Folketal 0
Kart
Tagomago
39°02′00″N 1°39′00″E / 39.033330555556°N 1.65°E / 39.033330555556; 1.65
Wikimedia Commons: Tagomago

Øya er 1525 meter lang og 113 meter brei. Øya er berglendt med ei hamn og eit fyr i vest. Fyret vart reist i 1913 og er eit landemerke for båtar på veg frå Ibiza til Palma de Mallorca og Barcelona. Fyret står 86,3 meter over havet.

Øya er eigd av den tyske entreprenøren Matthias Kühn.

Albumet Tago Mago av den tyske rockegruppa Can frå 1971, er kalla opp etter denne øya.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.