Taihu (kinesisk 太湖, pinyin Tài Hú, 'Storsjøen') er med sine 2 250 km² den tredje største innsjøen i Folkerepublikken Kina. Han ligg i Chang Jiang sitt delta, nær byen Wuxi i provinsen Jiangsu.

Båtar på Tai Hu.
Hausting av siv langs breidda av Tai Hu.

Innsjøen er i gjennomsnitt to meter djup, og har rundt 90 øyar. Han skal ha blitt danna av eit meteornedslag som tidfest til om lag 70 millionar år sidan, kanskje frå slutten av devontida. Taihu er knytt til Keisarkanalen og er hovudvasskjelde for fleire elvar. Eit nettverk av kanalar sørgjer for kunstig vatning av områda omkring.

Sjøen er kjent for sine taihusteinar, gjennomhola kalksteinar som ofte vert nytta i kinesiske hager. Det som ofte er rekna som det beste utsynet over sjøen får ein frå Xihui-parken ved Dragelys-pagoden, vest for Wuxi.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«Taihu» i Store norske leksikon, snl.no.