Byen Tairua ligg på austkysten av CoromandelhalvøyaNordøyaNew Zealand. Han ligg ved munningen til elva Tairua River, på den nordlege elvebreidda, og på den vesle halvøya Paku Peninsula. Folketalet var 1266 ved folketeljinga i 2006, ein nedgang på 195 frå 2001[1].

Tairua på Coromandelhalvøya.

Tairua har lenge vore ein populær feriestad for newzealendarar, og vert no tiltakande vitja av internasjonale turistar.

Rett mot Tairua på sørbreidda til elva, ligg den mindre busetnaden Pauanui. Dei to busetnadane ligg 30 km aust for Thames, men dei har nærare samband med hamnebyen Whangamata. Fleire øyer ligg utanfor elvemunningen, dei største er Slipper Island mot søraust og Alderman Islands 20 km mot aust.

Området er ein populær stad for sportsfiske, dykking og surfing.

Referansar endre

37°00′23″S 175°50′56″E / 37.00639°S 175.84889°E / -37.00639; 175.84889

  Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.